Julekonserten Stille grender med Det Norske Jentekor og Drops

Julekonserten Stille grender Fyrste laurdag i advent vert det julekonsert i Dale kyrkje med Det Norske Jentekor og jentekoret Drops frå Fjaler, Askvoll og Hyllestad. Det Norske Jentekor ga i 2020...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
27.Nov
-
6:00pm

Detaljer

Julekonserten Stille grender

Fyrste laurdag i advent vert det julekonsert i Dale kyrkje med Det Norske Jentekor og jentekoret Drops frå Fjaler, Askvoll og Hyllestad.

Det Norske Jentekor ga i 2020 ut plata Stille grender. No skal dei synge jula inn i grenda der Jakob Sande skreiv den kjende julesongen Det lyser i stille grender. Dette er første gong jentekoret som er rekna for det beste i landet er i Dale. Under konserten vil vi også møte det nyeetablerte jentekoret frå Fjaler - Drops. I tillegg til tradisjonelle førjulssongar vil dei framføre tingingsverket Bestefar, med tekst av Jakob Sande og komposisjon av Liv Ulvik, og ei urframføring av Huldresong med tekst av Jakob Sande/komposisjon Liv Ulvik. Dirigent for Det Norske Jentekor er Anne Karin Sundal-Ask og for Drops Hanne-Margrethe Heia Dybvik. Vi ser fram til å finne julestemninga saman med dykk i Dale kyrkje 27.11 kl.18. Eit samarbeid mellom Jakob Sande - senter for forteljekunst, Det norske jentekor, Askvoll, Hyllestad og Fjaler kulturskule, UWC og Førdefestivalen.

Vi takkar støttespelarane våre Dale kyrkje, Sparebankstifinga Sogn og Fjordane, Kulturdepartementet, Fjaler kommune og Vestland fylke.

Billett vaksen kr. 250,-

Billett born/ungdom kr. 100,-

Det Norske Jentekor

Det Norske Jentekoret er delt inn i fire kor. Det er studiokoret som kjem på besøk til Fjaler. Studiokoret er den eldste gruppa i Det Norske Jentekor. Dette er eit tilbod for jenter på vidaregåande skule og eldre. Studiokoret vart starta som ein del av NRKS sitt jentekor i 1972 av Marie Foss, som eit elitekor medverkande av tidlegare medlemmer frå NRK sitt jentekor. Frå historia kan vi nemne at Studiokoret som einaste kor i verda erobra «The Silver Rose Bowl» tre gonger i BBCs internasjonale korkonkurranse Let the Peoples sing; i 1972, 1975 og 1981.

DROPS jentekor

Jentekoret DROPS er eit heilt nytt jentekor som Hyllestad, Fjaler og Askvoll kulturskule har starta opp i Dale.Dette er eit tilbod til ungdom i både Fjaler, Hyllestad og Askvoll - alder 13-19 år. Dirigert av Hanne-Margrethe Heia Dybvik.

Kjelde: https://www.detnorskejentekor.no/

Foto av DNJ: Tonje Fosstvedt.

Huldresong av Jakob Sande

Kvi går du so still og sturer i fjellet du vesle svein? Kvi sit du so bleik og kurer med hand under kinn, der på stein? Kvi går du med tankar såre for ho som i synd deg sveik? Ho er ikkje verd ei tåre, so stur ikkje lenger so bleik.

Å høyr meg du mannsbarn unge, kvi går du med sorg i sinn? Lat fara dei tankar tunge, – kom over i haugen min! For her skal du sorgi gløyma ved barmen min, mjuk og varm, og ljost imot dagen drøyma, kvar natt i min trugne arm.

Å høyr meg du mannsbarn bleike, hjå meg skal ditt hugsår gro. Eg skal kje med hjarta ditt leike, som ho som du tenkjer på no. Nei alltid skal eg vera hjå deg og kyssa ditt bleike kinn! Å gå ikkje burt ifrå meg, kom over i haugen min!

Det rørest eit liv her inne, som aldri du drøymde før. Sjå møyar til tonar linne, i sylverflor dansen trør, og slåttar på trollstillte strengjer skal svæva i draum deg inn, og natti med mjuke vengjer, skal vogga deg lett og linn.

Hu lu over berg og dalar, å høyr meg du ljose svein! I haugen er gyllte salar, det lyser av glimestein. - Og her skal du freden finna, som ute du aldri finn, og lukka for livet vinna i trugaste armen min!

Kjelde: Svarte næter, Gyldendal, 1929, s. 20

Praktisk info

Enjoy-kode: 781732
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.