star
star
star
star
star

Stemvatnet (586 m.o.h.) frå Blikra

God traktorveg som slynger seg 2,5 km opp gjennom granskog og bjørkeliar til Buskard der traktorvegen sluttar. Halvvegs oppover på traktorvegen ser du vassinntaket i elva til småkraftverket som er...

Praktisk info

Enjoy-kode: 706363
Kjør om lag 2,5 km frå Knapphus mot Ølen på E134 til du kjem til vegkryss med skilt til Blikrabygda. Ta av til høgre og følg denne vegen 3,8 km - ta av til venstre 100 m etter at du har passert brua nedanfor Blikrabygda bedehus. Følg vegen 300 m og ta av til venstre ved Egil Leifsen - her ser du TURSTI-skilt ved postkassestativet. Kjør gjennom gardstunet til Egil Leifsen og opp til neste gard. Her finn du parkeringsplass like ovanfor løa hos Torunn Blikra. Her står info.tavle og skilt til dei ulike turane. Her er felles utgangspunkt for fleire fine turar på traktorveg langt oppover.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
3.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

God traktorveg som slynger seg 2,5 km opp gjennom granskog og bjørkeliar til Buskard der traktorvegen sluttar. Halvvegs oppover på traktorvegen ser du vassinntaket i elva til småkraftverket som er bygd ved elva nede hos Åsmund Kalstveit på Svantesvoll - dette leverer all straum til 2 gardsbruk – Svantesvoll og Blikra - overskotet blir seld. Nedanfor inntaket til vassverket kan du også sjå små jettegryuter i elva. Sjå skilt til desse. Følg traktorvegen vidare omlag 150 m oppforbi vassverkinntaket – då kjem du til til skiltet ”KVILESTEINEN” - her må du ta ein pause og sjå utover bygda og ta deg innatt etter tunge bakkar oppover. Det var alltid vanleg å kvila her i gamle dagar for folk på Blikra som skulle til fjells. Før traktorvegen kom, måtte dei gjerne ta ein matbit også her på steinen før turen gjekk vidare oppover enda fleire bratte liar. Oppe ved Buskard er det godt skilta og merka sti heilt inn til vatnet. Stien innover går i lett terreng og med fin utsikt ned til bygda. Like før du kjem til elva/bekken som kjem frå Stemvatnet, er det ein stor hidler – her kan det vera godt å ta seg ein liten pause. Denne hidleren har gitt ly til både folk og dyr i ver og vind opp gjennom tidene.. Litt lenger oppe kjem du til eit vegskilje der det står skilt til Vardafjellet og Åksla. Følg merkepinnane inn til Stemvatnet. Dette vatnet er drikkevasskjelde for mange i Blikrabygda. Vatnet her renn ned til småkraftverket på Blikra/Svantesvoll og gir elektrisk straum til gardane Svantesvoll og Blikra. Her ved vasskanten kan du nyta freden og roen i fjellheimen.

Terreng: 2,5 km lang traktorveg med bratte parti opp til Buskard. Frå Buskard er det lett å gå innover til Stemvatnet. Nokre våte parti. Følg merkepinnar.

Fottøy: Gode tette sko