Detaljer
Blandakoret Stemt markerer 10 år i 2025, og vil feire dette med ein storslått jubileumskonsert i Volda kyrkje. Stemt er eit ungt kor i stadig utvikling, med stabile, røynde songarar og kvalitetsbevisst jobbing mot nye mål. Med sin dyktige dirigent Siv Kristin Aurdal i spissen, har Stemt hausta mange lovord dei siste åra. Særleg for sin særeigne klang og uttrykk. Med denne festkonserten ønsker koret å syne den musikalske reisa dei har hatt så langt. Konsertrepertoaret vert variert, og spenner frå folketonar, viser, jazz og poplåter til klassiske perler og sakral musikk for kyrkjerommet. Med Volda kyrkje sitt unike klangrom som utgangspunkt, vil ulike plasseringar og forflyttingar i kyrkjerommet også bidra til eit variert utrykk. Sjølv om Stemt er etablert som eit godt ´a cappella-kor´, vert det likevel noko instrumentalmusikk å høyre denne kvelden. Pianist John Inge Leira Bjøringsøy og felespelar Leiv Arne Nydal vil bidra saman med Stemt på nokre av nummera. I tilegg til dette er alle tidlegare medlem er invitert med til eit storkor på nokre av dei musikalske høgdepunkta for konserten. Stemt ønskjer med dette hjarteleg velkommen til festkonsert – Stemt 10 år!
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
22/11 2025 kl 17:00