star
star
star
star
star

Stemmen

Det området som i dag vert kalla Kvernaland ligg på fleire gardar. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer - forkorta gnr. Gardsbruka...
Foto: Dreamypixel

Praktisk info

Enjoy-kode: 631744
Turen kan startes flere steder, men vi har tatt utgangspunkt i Smiå
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
4.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Det området som i dag vert kalla Kvernaland ligg på fleire gardar. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer - forkorta gnr. Gardsbruka har såkalla bruksnummer – forkorta bnr. Tettstaden Kvernaland ligg på fleire gardar, mellom dei gnr. 27, Kvernaland; gnr. 28, Frøyland; og gnr. 29, Søra Kalberg. Stemmenturen går stort sett på eller langs Frøylandsgarden.

Turen startar ved Smiå på Kvernaland, og her er det mogleg å parkera. Det var her, ved Frøylandsåna på Frøyland, at Ole Gabriel Kverneland i 1879 etablerte si første smie. Dette var den første smia på Jæren der det vart lagt opp til fabrikkmessig drift. Ljåproduksjonen låg på rundt 6000 til 7000 i året. Dette var opptakta til O.G. Kvernelands Fabrik. Sidan vaks verksemda og flytta på 1960-talet til Øksnevad i Klepp kommune. I dag er den opphavlege smia museum. Frå Smiå går turen til Stemmen. Her vart det i 1895 bygd ei demning med kanalar som fungerte som energimagasin for Kvernelands fabrikk. I dag pågår det ein diskusjon om val av løysingar for å forsterka demninga og kva konsekvensar det kan få for vasspeilet i Stemmen. På fine sommardagar kan ein bada i Stemmen. Time kommune tek jamleg vassprøvar i fleire vatn, mellom anna Stemmen, for å kunne informera om vasskvaliteten. Turen vidare går gjennom Stemmen Park som Kvernaland Velforening har opparbeida på ein flott måte. Her er Stemmen på eine sida og aktivitetspark på andre sida. Det er trimapparat, skatebane, plass for sandvolleyball og leikeplass. På vegen går ein forbi nye Kvernaland omsorgssenter som opnar våren 2015. Ta gjerne ein avstikkar på turvegen rundt omsorgssenteret. Vidare går turen på grusveg mellom byggjefelt og landbruksjord. Her kan ein og skimte Kvernaland barnehage, med spennande uteområde. Snart kjem ein ut i eit flott kulturlandskap. Turen gjer ein skarp høgresving og fører oss mot byggjefeltet igjen. Løftar ein blikket i svingen og mot nordaust, så ser ein Brekkenuten (137 moh.). Fantastisk utsikt på toppen. Ta med hovudlykt, så kan du går her sjølv om det er mørkt. Turen held fram inn på Brekkevegen. På høgre sida er det ein flott naturleikeplass og ein liten skog som er fin å leika i for barn. Vidare går ein inn til høgre, rett før skogen sluttar, og til byggjefeltet Floen. Her er mange leikeplassar for barn. Turen følgjer nå gang – og sykkelvegar tilbake til Smiå.