Stemmeklang i høgdebassenget

Stemmeklang vart starta av Kristin Bolstad med mål om å utforske det heilt spesielle mausoleet i Emanuel Vigeland Museum i Oslo. Gjennom dette arbeidet har Stemmeklang blitt spesialistar på å...
30.jun
-
kl 16:00

Detaljer

Stemmeklang vart starta av Kristin Bolstad med mål om å utforske det heilt spesielle mausoleet i Emanuel Vigeland Museum i Oslo. Gjennom dette arbeidet har Stemmeklang blitt spesialistar på å utforska romlege og akustiske parameter, der det klanglege uttrykket står sentralt. Plassering av vokalistane og retninga på lyden er eitt av dei verkemidla som blir brukt for å skape ulike former for effektar av rørsle. Stemmeklang har hatt over 50 konsertar sidan 2009, og markerte 10-års jubileum i 2019 med plateutgjeving i samarbeid med Morten Lindberg og platemerket 2L. Albumet vant Grammy i kategorien «Best Immersive Audio Album» for 2020. Einy Åm Sparks er utøvande og skapande dansekunstnar, og har produsert og turnert fleire framsyningar både nasjonalt og internasjonalt. I 2011 oppretta ho EyeKnee Coordination, der kunstnariske samarbeid står sentralt i arbeidet og spenner om både dans, musikk, film og installasjon. Ho er spesielt interessert i å utforske kva som skjer i møtepunktet mellom daglege rørsler og dans, mellom dans og andre kunstartar, og i forholdet mellom utøvar, rom og publikum. Som ei forlenging av dansekunsten arbeider Sparks også med film og redigering, både innanfor dansefilm, dokumentarfilm og oppdragsfilm.

Praktisk info

Enjoy-kode: 566060
Type
Konserter
Passer for
Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Søndag
30/06 2024 kl 16:00
Det nye høgdebassenget i Volda
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.