star
star
star
star
star

Steinhovden til Søre Sandvikfjellet

Du kan starte turen ved skulen. Parker her og frå enden av grusvegen går du til venstre, gjennom ei grind og fortset på gamal skogsveg(skuleveg) og etter kvart på ein delvis gjengrodd sti. Gå over...

Praktisk info

Enjoy-kode: 653694
Ta av frå Rv 5 i Eikefjord og kjør Fv 542 til du kjem til krysset som du tar av på Fv 543 skilta til Sandvika.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
3.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Du kan starte turen ved skulen. Parker her og frå enden av grusvegen går du til venstre, gjennom ei grind og fortset på gamal skogsveg(skuleveg) og etter kvart på ein delvis gjengrodd sti. Gå over eit gjerde som går over vegen, over ei flate, under kraftlinja og gjennom grinda som går mot utmarka. Stien går langs gjerdet. Opp til høgre ligg Bjørnehola, ei hole inn i hammaren. Du kjem så inn på ein ny skogsveg som kjem opp frå Høyvik, nabobygda til Steinhovden, mot Sandvika.

Du kan også kjøre til Høyvik og parkere der skogsvegen startar. Følg skogsvegen eit stykke oppover, langs ei lita elv til du kjem til eit stidele. Skogsvegen til venstre tek deg til Sandvika, men her kan du også ta til høgre og gå på sti og hjortetråkk austover til skogsvegen til Lomedalen/Lomevatnet. Her er det litt krunglete å gå, men på turen vil du sjå Mannen rett i aust og i sør ser du Håsteinen, Jarskaret og Skålefjellet. Under Skålefjellet ligg Litle Høydal og Ausevika og du ser inste enden av Timberøya i Høydalsfjorden. I nord ser du Egga/Sandvikfjellet og rett "under" Håsteinen ligg det skogkledde Steinhovdefjellet.

Frå stidelet tek du som skrive ovanfor til venstre og følgjer skogsvegen vidare som er delvis merka med raudt. Du går gjennom skog med mykje furu og lauvtre. Mellom to gamle hjorteutkikkstårn, vest for Høyvikvatnet kan du følgje hjortetråkk vestover til Søre Sandvikfjellet. Eller du kan gå frampå og du ser gjennom skogen og ned i Sandvikdalen.

Turen er teikna inn og er ei rettesnor