star
star
star
star
star

Steinegga frå Steinane

Frå vinterferien til påske er det køyrt opp skiløype med trakkemaskin, men turen går i høgfjellet so ein bør vere utrusta i forhold til vêr og føre, og vurdere både fjellski og utstyr i forhold til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 694544
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Parkeringsplass på Furuhodane.
Reise med kollektiv: Fra Oslo/Bergen/Trondheim: Norway Bussekspress til Nordfjordeid, deretter taxi eller privatbil til Harpefossen. Evt. tog til Otta fra Trondheim eller Oslo, og videre med Nordfjordekspressen (buss) til Nordfjordeid.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
3.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå vinterferien til påske er det køyrt opp skiløype med trakkemaskin, men turen går i høgfjellet so ein bør vere utrusta i forhold til vêr og føre, og vurdere både fjellski og utstyr i forhold til dårleg vêr.

NB: Turen går i høgfjellet så du bør vere utrusta i forhold til vêr og føre, og vurdere både fjellski og utstyr i forhold til dårleg vêr.

Furuhogane –Kjenndalsheisen – Kjenndalsvatnet sør – Kjenndalshytta – Kjenndalsvatnet nord – Kringlevatnet - Steinegga

Parkering er på Furuhogane på toppen av hyttegrenda. Det er også mogleg å parkere på Harpefossen og gå på ski opp Høgebakkløypa til skianlegget på Furuhogane (2 km). Dersom ein skal ta skitrekket opp til Kjenndalen må ein hugse på å kjøpe billett i billettbuda nede på Harpefossen. Alternativet til å ta skitrekket (1,3 km) er å gå på ski i utkanten av alpinløypa. Løypa til høgre for trekket (Kjenndalsløypa) er slakast og egnar seg best for langrennsski. Frå toppen av trekket fylgjer ein oppkøyrt spor innover på austsida av Kjenndalsvatnet til nordenden av vatnet (1,2 km). Her tek ein nordvest gjennom skaret til ein kjem opp til sørvestenden av Kringlevatnet (400 m). Løypa går herifrå på austsida av vatnet og fylgjer slakt oppover fjellet mot Steinegga sitt høgste punkt (1097 moh) lengst nord (2,2 km). Det er også vanleg å gå vidare til toppen av Sandegga (1256 moh), men ein skrår da oppover mot toppen (1,6 km) lenger nedi fjellsida enn der ein går om sommaren. Det vert ikkje køyrt skispor til toppen av Sandegga og på toppen må man vere varsam å ikkje ferdast aust og nord for skiltet i og med at der ofte er overhengande skavl og stup.