star
star
star
star
star

Steinalderstien på Rapeneset

Turen startar ved Straume kai, der du kan parkera. Følg sti sørover til naustmiljøet og vidare på merka sti utover Rapeneset. Undervegs passerer du fleire buplassar frå steinalderen. Det er sett...
Foto: Radøy kommune

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 307227
Parkering på Straume kai.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved Straume kai, der du kan parkera. Følg sti sørover til naustmiljøet og vidare på merka sti utover Rapeneset.

Undervegs passerer du fleire buplassar frå steinalderen. Det er sett opp informasjonsskilt ved alle desse buplassane der du kan lesa meir om steinalderen ved Fosnstraumen!

Det rike livet i Straumen gjorde at folk busette seg tidleg ved Fosnstraumen. Dei første menneska kom alt for 10-11.000 år sidan, i byrjinga av perioden me kallar eldre steinalder eller jegersteinalderen. Funnmaterialet frå dei arkeologiske undersøkingane viser at det har budd folk her gjennom det meste av steinalderen, gjennom 5-6000 år. Hovudmengden av dei til no reistrerte buplassane er likevel frå eit avgrensa tidsrom kring overgangen mellom eldre og yngre steinalder. Den høge konsentrasjonen av steinalderfunn i området – og ikkje minst graden av samtidighet mellom dem - gjer at staden har vorte kalla «Steinalderlandsbyen ved Fosnstraumen».