STEIN TORLEIF BJELLA

Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av. Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
01.okt
2022
kl 20:00

Detaljer

Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av. Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i 2009. To år seinare innkasserte oppfylgjaren «Vonde Visu» Spellemannprisen. «Heim for å døy» avslutta trilogien i 2013, med førsteplass på VG-lista. I 2016 kom «Gode Liv», Bjellas fjerde soloalbum. Bjella har også bla motteke Edvardprisen, Prøysenprisen og Bendiksenprisen. I 2017 debuterte Bjella som forfattar då diktsamlinga” Jordsjukantologien Nr. 1” vart utgjeven til særs gode kritikkar.

Same år vart teaterstykke «Kan nokon gripe inn», basert på Bjellas tekstar, sett av 33.000 på det Norske Teateret. I 2018 kom langspelalbumet «Jordsjukantologien nr. 1 musikken», i sjangeren spokenwords.

  1. april 2020 kom Bjellas 6. soloalbum; «Øvre-Ål Toneakademi» motteke med strålande meldingar.

Det er med andre berre å gle seg til eit nytt dykk ned i Bjellas låtunivers når han besøkjer Øystese og Kabuso laurdag 1. oktober!

Praktisk info

Enjoy-kode: 535518
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.