star
star
star
star
star

Stavang Skålefjell og Hornfjellet Rundtur

Rundturen tek til på "Velteplassen", ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen like før Stavang, når du kjem frå Eikefjord. Kjem du med båt tek det 10 minutt å gå frå kaia til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 523387
Kjør på Fv 542 mot Stavang
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Varighet
6 timer
Lengde
10 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Rundturen tek til på "Velteplassen", ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen like før Stavang, når du kjem frå Eikefjord.

Kjem du med båt tek det 10 minutt å gå frå kaia til "Velteplassen".

Frå "Velteplassen" er det delvis skilta og merka til Skålefjell. Du byrjar å gå på skogsveg, og etter eit par hundre meter kryssar du ei lita elv på bru. Du går deretter over på sti med lett stigning. Stien er lett og fin å gå. Det vert etter kvart brattare og tyngre å gå. Framleis fin og tydeleg sti, men av og til litt kupert. Halvvegs kjem du over skoggrensa, og landskapet opnar seg. Du går på venstre sida av elva. Her er stien mindre tydeleg, men det er merka innimellom slik at vegen er grei å finne. Du går langs ryggen austover med jamn stigning. Det er fleire parallelle stiar her som går same veg og ender opp ved varden på Skålefjell 765 moh.

På veg oppover kjem du til eit stidele ved skiltetBjørndalskvia. Her går du stien rett fram og oppover for å gå til Skålefjell. Stien til venstre er stien som kjem ned frå Hornfjellet.

Frå toppen av Skålefjell kan du nyte utsikta mot Førdefjorden, øyane i vest og Høydalsfjorden.

Ned att frå Skålefjell kan du gå via Hornfjellet 425 moh som ligg heilt vest/ytterst på fjellryggen. Etter omlag 1 km frå toppen tar stien av til høgre mot Hornfjellet. Følg den delvis merka stien på fjellryggen nord for vatna vestover i omlag 3 km og du får eit mektig utsyn heile vegen vestover.

Varden på Hornfjellet ligg på enden av fjellryggen og er ein avstikkar frå merka løype ned att ved Hornfjellsvatnet. Frå vestenden av Hornfjellvatnet føl du den merka stien nedover og etterkvart kjem du tilbake til stidelet vedBjørndalskvia og her tar du ned att til "Velteplassen".

Sporet som ligg på kartet er gått opp 05.03.19. Det var snø mot toppen av Skålefjell og vi har fleire plasser gått utenom snøfonner.