star
star
star
star
star

Staurevarden

Turen startar ved Sæbø skule, der ein kan parkera. Følg gangvegen opp, over gangbrua over bilvegen og omlag 400 meter etter gangbrua ser du ein gjerdeklyv litt til høgre for vegen. Gå over...
Foto: Radøy kommune

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 392041
Parkering i Austmarka ved Sæbø skule.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
20 minutter
Lengde
2 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar ved Sæbø skule, der ein kan parkera. Følg gangvegen opp, over gangbrua over bilvegen og omlag 400 meter etter gangbrua ser du ein gjerdeklyv litt til høgre for vegen. Gå over gjerdeklyven og følg merka sti vidare heilt til toppen av Staurevarden.

Stien tar deg gjennom eit kupert terreng med eit nydeleg kulturlandskap. Dette området fekk Hordaland fylkeskommune sin kulturlandskapspris i 2003, og det er lett å sjå kvifor. Flotte kulturminne, velstelte gardar og nydeleg landskap. Det er dyr som beitar i området, både sauer og storfe. Dette må du som turgåar ta omsyn til! Hald deg på avstand frå storfe, og hald hundar i kort line!

Når du kjem til toppen av Staurevarden har du flott utsyn i alle retningar. Her kan du lesa meir om området på skilttavla som er sett opp, og ta deg ein velfortent rastepause på benken. Her finn du også kodeordet i "15 turar i Alver" 2018.

Ynskjer du å gå ein anna trasé attende, følgjer du stien mot Solheimsåsen i retning sørvest, vidare mot Solheim og ta gangvegen attende derifrå.