Spindel duo

1. SPINDEL DUO - Sigrid Moldestad, Liv Merete Kroken Ekte musikalsk kjærleik Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken utgjorde halvparten av det aller første studentkullet ved Ole...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
26.okt
2023
kl 20:00

Detaljer

  1. SPINDEL DUO - Sigrid Moldestad, Liv Merete Kroken

    Ekte musikalsk kjærleik

    Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken utgjorde halvparten av det aller første studentkullet ved Ole Bull Akademiet seint på 90-talet. Dei fann tonen, og eit varig venskap både med og utan fele oppstod. Spindel duo var eit faktum, og gjorde stor lukke med sine friske tolkingar av slåttar frå Vestlandet og særleg Nordfjord. Årevis med samspel seint og tidleg har resultert i unikt og tett samspel.

    Etter ein del svært aktive år, med oppdrag i store og små format og to plateutgjevingar, Spindel (2021) og Aminje (2007), fekk Sigrid Moldestad det travelt med solokarriere medan Liv Merete Kroken hadde musikken som hobby. Dei siste åra har dei funne tid og rom til å ta opp att Spindel duo-spelet, til glede for seg sjølv og alle som er glade i godt slåttespel. Då dei markerte sine første 20 år som duo, kalla dei det for ei 20 år gamal musikalsk forelsking, men vi trur det er snakk om ekte musikalsk kjærleik!

Sigrid Moldestad - hardingfele

Liv Merete Kroken - hardingfele

Merk:

*Denne VestaFolkturneen har kome i stand med løyvingar frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

  • Fylgjekort: Personar som ikkje kan gå på arrangement åleine, kan ha med seg ein fylgjesperson. Denne får komme gratis inn. Ta kontakt med post@veslekinn.no for avtale om dette.

Praktisk info

Enjoy-kode: 489790
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.