star
star
star
star
star

Sønnanåstølen (290 m.o.h.) fra Aurdal i Øvre Vats

Følg traktorvegen innover dalen som snor seg mellom granskog, furuskog og bjørkeskog. Du kryssar Aurdalselva 2 gonger – fyrst over Kleiva bru og lenger inne i dalen går du over elva på eit støypt...

Praktisk info

Enjoy-kode: 351110
Kjør om lag 3,2 km på E134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal – ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle med opplysningar om ulike turar.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
3.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Følg traktorvegen innover dalen som snor seg mellom granskog, furuskog og bjørkeskog. Du kryssar Aurdalselva 2 gonger – fyrst over Kleiva bru og lenger inne i dalen går du over elva på eit støypt va med sementrøyr under. Følg vegen vidare innover og forbi skiltet som syner vegen til Sletthaug, Åksla og Vardafjellet. Like før du kryssar elva for 3. gong ved Tverrberget, tek du av til høgre ved skilt til Stølen, Stuhaug og Sandeid. Her er merka sti på ein litt fuktig/myrlendt veg forbi Sønnanåtjørna. Stuhaug seter/-stølen ligg like ovanfor denne tjørna. Dette er ein svært gamal stølsplass og var i bruk til om lag 1920-åra. Sønnanåstølen vart restaurert i 1993 av fam. Rognald Stuhaug. Den gamle fjosen v/utedoen som ligg under ein stor stein/hidler, er framleis intakt. I dag går det ungdyr heile sommaren på Stølen på det oppdyrka beitet. Her må du ta ein pause. Utanfor setra står eit hagebord som du kan bruka – her kan du la tankane gå attende i tid og tenkja på korleis det var i gamle dagar med slit og strev for å få endane til å møtast på ein gard der det gjerne var mange munnar å metta. Etter denne filosoferinga kan du gå vidare på skogsvegen heilt ned til Stuhaug gardsmuseum som Rognald Stuhaug og kona, Greta, har bygt opp gjennom mange år. Her finn du 10 bygningar som er flytta dit frå nærliggande bygder - med eit komplett bygdetun m/ smie, stabbur m.m. Her finn du også vel 4000 gjenstander som er samla og systematisert. Etter avtale m/fam Stuhaug får du koma inn og få med deg mange kulturhistoriske inntrykk frå dette flotte gardsmuseet. Det tar ca. 1 time å gå frå Stølen og ned til gardstunet på Stuhaug dersom ein velger å gå dit.

Terreng: Traktorveg mest opp til Søndenåtjørna. Her går du inn på mjukt myrlendt terreng fram til Stølen (Stuhaug seter). Herifrå er det traktorveg heilt ned til Stuhaug gard. Traktorvegen slyngar seg fyrst oppver til han svingar seg nedover lia gjennom bjørkeskog og busk og kratt og ned til Stuhaug gard. Ein del bratte parti.

Fottøy: Gode tette sko.