Sommarsalong: Forfattermøte med Karoline Brændjord

Karoline Brændjord debuterte med bravur i fjor haust. For diktsamlinga «Jeg vil våkne til verden» fekk ho både Kritikarprisen og Debutantprisen. Brændjord har i tillegg sjeldan mykje og rosande...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
01.aug
2021
kl 15:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 757600
Passer for
Barn, Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Karoline Brændjord debuterte med bravur i fjor haust. For diktsamlinga «Jeg vil våkne til verden» fekk ho både Kritikarprisen og Debutantprisen. Brændjord har i tillegg sjeldan mykje og rosande omtale for boka.

«Ein diktdebut av dei sjeldne. Karoline Brændjord skriv eksistensielt inderleg på ein måte som kjennest nødvendig. Det overordna temaet i dikta er saknet av ei mor som sjølv har valt å forlate verda. Korleis kan den som er igjen då møte og ta innover seg verda? Vind og vatn susar gjennom samlinga, fuglar og dyr likeins. Med Jeg vil våkne til verden har Karoline Brændjord levert ei lysande debutbok. Ho er eit namn å merke seg blant årets litterære debutantar.»

Anne Cathrine Straume, NRK - Årets beste bøker 2020

Denne søndagen møter du Karoline Brændjord i samtale med poesikollega Henning Bergsvåg i Sande-senteret sin søndagssalong. Etter samtalen vert det høve til å sikre seg signerte eksemplar av samlinga "Jeg vil våkne til verden" i vårt forteljehus og krambu i skulestova.

Kart

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.