Sommarfest på Storeteigen

Velkomen til utandørs minimusikkfestival med folkrock og hesjer i historiske omgjevnader på Storeteigen bygdemuseum i Øystese. Me har gleda å presentera bandet The Foggy Few som kveldens...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
26.jun
2021
kl 19:00

Detaljer

Velkomen til utandørs minimusikkfestival med folkrock og hesjer i historiske omgjevnader på Storeteigen bygdemuseum i Øystese. Me har gleda å presentera bandet The Foggy Few som kveldens tunorkester!

Storeteigen venelag og arrangementsnemnda på tunet ynskjer å invitera til ein heilaftan utandørs på det vakre museet. Artistar står klare på scena for å losa deg dansande berrføtt inn i sommarnatta. Velkomne til å bitta blomekransar innimellom hesjene, til opne stover, sal av grillmat og sider med jordbær

The Foggy Few: The Foggy Few byd på folkrock av beste sort!

The Foggy Few er ein leiken, rutinert gjeng som presenterer eit melodiøst og friskt lydbilete som spenner frå tradisjonell keltisk og norsk folkemusikk til bluegrass og rock. Dei hentar inspirasjon på båe sider av Nordsjøen og frå andre sida av Atlanteren, frå 70-talets progressive folkrock, moderne folkemusikk og alternativ country.

Bandet har frå før gjeve ut 2 album, ein EP og einskildlåtar, herunder singelen «Into The Wilderness», med tekst inspirert av gamle folkeforteljingar om Huldra.

Stig Bruhjell har vore med frå oppstarten av bandet i 2013 og er ein altmogelegmann på vokal, banjo, mandola, fløyter og munnspel. Håkon Askeland korar og spelar «alt» av strengeinstrumenter, og har som regel med seg gitar, mandolin, el-mandolin og bouzouki på scena. Han har brukt mykje av livet sitt på bluegrass og spelt i band med Bjørn Berge, og saman med mellom anna Stian Carstensen og Ola Kvernberg i Banjovi.

Lars «Topho» Nordtveit er Bergen sin eigen «trommebohem», sjølverklært musikknerd og har spelt med tallause band, mellom anna Übertøs, ReHarvest, Strok, Hanne Bergheim, Trond K and the serious issues.

Ole Vegard Skauge er siste tilskot til bandet. Han er ein feiande flott bassist som har spelt saman med Røyksopp og Anneli Drecker.

The Foggy Few er:

Stig Bruhjell – Vokal, banjo, fløyter, munnspel

Håkon Askeland – Gitar, elektrisk mandolin, bouzouki, kor

Lars Topho Nordtveit – Trommer, perkusjon

Ole Vegard Skauge – Bass

Festen: Det vert sal av god mat og drikke under festen. Grillane vert handsama av ypparlege kokkar som steller i stand nydeleg lokal mat for sal. I baren vert det eit godt utval av god drikke. Inngang til området vert frå parkeringsplassen på nedsida.

Tunet: Storeteigen bygdemuseum er ei vakker og løynd perle. Frå 2012 har det vore ei rekkje arrangment og tilstelningar for store og små har vorte skipa til. Me ynskjer deg som gjest velkomen inn i eit skjeringspunkt mellom nytt og gamalt. Dei gamle stovene og møbelverkstaden vert tekne i bruk med aktsemd og varsemd.

Overnatting: Me har ein flott bukett med tilbydarar av husrom i bygda med sjel og særpreg. Alle ligg sentralt og har svært gode fasilitetar. Ta kontakt med dei direkte! Mo gardsferie: http://www.mogardsferie.no Vetlemyrane gard: http://www.vetlemyrane.no Sjøtunet: http://www.sjotunet.no Hardanger Feriesenter: http://www.hardanger-resort.com

Me byd på grillmat og lokalt drykk i naturskjøne omgjevnader

Praktisk info

Enjoy-kode: 113260
Type
Festivaler
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker