Solgangsfunk & Buskspel 2021

Vel møtt til Solgangsfunk & Buskspel 2021! I år lyt vi ha førehandssal av alle billettar. Sjå også kart, då busking skjer samstundes på ulike stader. I 2019 arrangerte vi Solgangsfunk & Buskspel...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
26.aug
2021
kl 10:00

Detaljer

Vel møtt til Solgangsfunk & Buskspel 2021! I år lyt vi ha førehandssal av alle billettar. Sjå også kart, då busking skjer samstundes på ulike stader. I 2019 arrangerte vi Solgangsfunk & Buskspel for fyste gong. Dette ønskjer vi å gjere att i 2021. Solgangsfunk & Buskspel er ei massemønstring av levande kulturuttrykk på Svanøy. I følje offisielle og veldokumenterte historiske kjelder, har øya vore eit viktig skandinavisk kultur- og impulssenter dei siste tusen åra. Dette har ikkje Svanøy tenkt å slutte med.

Svanøy Folkeakademi er ein friviljug dugnadsorganisasjon. Målet vårt er å gje den enkelte høve til å delta i eit rikt kulturliv og skape "kultur der du bur". Hovudarenaen vår er på Svanøy, men vi har også fleire ikkjekomersielle arrangement i Florø og elles i distriktet. Svanøy Folkeakademi har 101 betalande medlemmer, var stifta i 2015 og vi har i gjennomsnitt 40 arrangement i året. Ønsker DU å bli medlem? Ta kontakt med oss :)

Mrs and the Pitifuls på Kulturlåven, Solgangsfunk 2019. Foto: Heidi Hattestein

Vi vil kunne oppleve kultur på garden, i garasjen, på verandaen, bak ei togskinne, oppå ein gammal kongegrav, etc. Rett og slett syne folk kvardagen på Svanøy i eit kunstperspektiv. Val av scener er gjort på bakgrunn av at vi meiner historia er felles eige. Vi har derfor framleis eit ynskje om å gje publikum tilgang på den unike Svanøyhistoria gjennom å arrangere konsertar heime hos folk som bur i husa med historia i veggane. I gamal industrihistorie, og dagens kultur ved å samarbeide med næringslivsaktørane.

Norsk Hjortesenter under Solgangsfunk 2019. Foto: Heidi Hattestein

I 2019 hadde vi 12 eventar på ei helg, spreidd rundt på heile øya. Det var med høgt kuntsnerisk nivå og med brei apell.

For Solgangsfunk & Buskspel 2021, er målet å gje helga endå meir breidde og gjere ho meir familievenleg. I nært samspel med kreftene på øya, sponsorar og friviljuge vil vi utvikle potensialet i fleire spanande arenarer på øya for nye, eventyrlege kulturopplevingar.

Følg oss påFacebookeller www.solgangsfunk.com for nyhende om Buskspel og andre aktivitetar.

Praktisk info

Enjoy-kode: 124742
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker