star
star
star
star
star

Slottet i Modalen

Slottet er Modalen og Hordaland sitt svar på Preikestolen – ei klippeblokk som kneisar loddrett 200 meter over Mofjorden. Ei luftig oppleving med storslått utsikt både innover mot Mo og utover...

Praktisk info

Enjoy-kode: 726481
Parkering: Ved informasjonstavla er det plass til nokre bilar. Elles parkering på andre sida av vegen 20 meter frå informasjonstavla.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
1 time
Lengde
1.8 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Slottet er Modalen og Hordaland sitt svar på Preikestolen – ei klippeblokk som kneisar loddrett 200 meter over Mofjorden. Ei luftig oppleving med storslått utsikt både innover mot Mo og utover fjorden mot Langedalen.

Stien startar frå hovudvegen i Stokkeviki og følgjer elva eit stykke. Kort etter at du har kryssa elva, kjem du til eit stiskilje. Til høgre kjem du inn i Hestabotn, som er et naturreservat der det veks barlind. Stien til venstre går vidare til Slottet og er småkupert med lett stigning og nokre stader steinur som må forserast. Blå merke på tre og steinar markerer kor stien går. Når ein nærmar seg Slottet, kan ein sjå formasjonen frå sida.

Som eit alternativ kan ein ta seg ned igjen ved å følgje ei løype som går lengre vest, og som òg er merka. Då kjem du ned til Hestabotn. Denne stien er ikkje så godt opptrakka og mindre god for dei minste.

Turen er ikkje så krevjande og passar for born frå 4–5 år, men vis varsemd på toppen. Skriv deg gjerne inn i boka som ligg i postkassa.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Pilskilt og blå merking undervegs.

Høgdeskilnad: 5–250 m

Berekna tidsbruk: 2 timar t/r

Gode råd: Vel gode sko som tåler litt vatn, sidan stien går over myrete område nokre stader.