star
star
star
star
star

Sletthaug (485 m.o.h.) frå Aurdal i Øvre Vats

Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti - ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker – ein ved elva ved...

Praktisk info

Enjoy-kode: 304355
Kjør om lag 3,2 km på E134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal – ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle med opplysningar om ulike turar.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
15 minutter
Lengde
3.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti - ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker – ein ved elva ved Fjellgardsbakken og ein lenger oppe mot hytta. Mest oppe ved hytta – i siste bratte bakken - ser du ein stein som er blitt til 3 store steinar på høgre sida av vegen. Hytta på Sletthaug er open. Dei som vil, kan gå inn og ta seg ein rast om ynskjeleg. «Postkassen» m/turbok er festa til hytteveggen. Gjennom Aurdalsdalen var det i «gamle dagar» ein ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid. I dag går det traktorveg langt innover som nesten heng saman med ein annan traktorveg som kjem frå Steinsland i Sandeid. Om ynskjeleg kan du ved elva ved Tverrberget svinga av til høgre og ta turen via Sønnanåstølen og vidare ned til Stuhaug gardsmuseum. Sjå skilting.

Terreng: Følg traktorveg heilt opp til hytta på Sletthaug. Vegen går fyrst langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i fint terreng til du kryssar Aurdalselva på ny over ei gangbru ved Fjellgardsbakken. Herifrå slyngar vegen seg oppover i blandingsskog. Om lag 800 m lenger opp må du ta av til høgre ved skilt, sjå skilt – til Sletthaug, Åksla og Vardafjellet. Herifrå blir det fyrst eit bratt parti på vegen, men slakare lenger oppover.

Fottøy: Fjellsko eller joggesko.