star
star
star
star
star

Skuggenatten i Nissedal kommune

Skuggenatten er ein fjelltopp som ligg i Treungen, i sørenden av Nisser. Den er på sett og vis sjølve symbolet på bygda. Toppen ligg 706 m.o.h. og formeleg ber om å bli klatra på. Er du på veg...

Praktisk info

Enjoy-kode: 308987
Sør frå, køyrer du Fv 41 til Treungen. Sidan Skuggenatten ligg nær sentrum, er den lett å sjå når du nærmar deg. Toppen har ei stor mast, i tillegg til ei lita hytte, som er lett synleg på god avstand. Det kan vere greitt å parkere på brannstasjonen, som ligg like sør for bensinstasjonen. Turens startpunkt er vis a vis denne, på motsett side av riksvegen. Eit skilt merka ”Skuggenatten” og ei lita oppslagstavle markerer starten. Dette er og starten på ljosløypa i Treungen.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
3.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skuggenatten er ein fjelltopp som ligg i Treungen, i sørenden av Nisser. Den er på sett og vis sjølve symbolet på bygda. Toppen ligg 706 m.o.h. og formeleg ber om å bli klatra på. Er du på veg nordover eller sørover på FV 41, bør du vurdere å ta ein pause frå køyringa og kome deg til toppen og beundre den vakre utsikten.

TUREN OPP: Dei første 15 min. av turen gjeng i lett terreng, der ein føljer ljosløypa fram til botnen av fjellet. Så byrjar turens styrkeprøve, der ein fær kjenne på mjølkesyra i låra. Dette partiet gjeng om lag 250 m. i kraftig motbakke, der underlaget stort sett er svaberg. I vått vêr kan det vere glatt her. Stiginga er kraftig fram til ei lita hytte med mast. Her er det å anbefale at ein tek seg ein liten pust i bakken for å nyte utsikten, før ein på ny siktar inn sjølve toppen. Terrenget vidare er framleis stundom bratt, men i fleire avsatsar – og derfor ikkje så krevjande. Ved eit par høve er det hengt opp korte tau til å halde seg i, slik at ein slepp å krabbe på alle fire. Stundom er det fin sti gjennom furuskog, og her kan ein finne mykje blåbær på seinsommaren eller hausten. Ein bør og, på tur opp, snu seg og sjå på fjellet ein har gjenge på – det er nemleg dekka av grøn kartlav, som på litt avstand får fjellet til å sjå ut som eit grønt teppe. Etter å ha vandra på kanten av Baremslandsfjell, som er den delen av fjellet som vender sørover, kjem ein inn bak Skuggenatten, dvs. på vestsida. Her flatar terrenget ut ei stund og ein fær pusten att. Før ein når varden på toppen, må ein forsere eit lite myrparti og ein bratt kneik opp siste fjellpartiet. På toppen er utsikten fantastisk ned mot Treungen sentrum like under – og langt utetter Nisser. Ein kan sjå Nisser strekkje seg 4 mil mot Vrådal i det fjerne, kransa av fjell på alle kantar. Hugs å skrive i turboka som ligg i kassa på masta før du tek turen ned att same vegen. UTFORDRINGAR: Turen er blåmerka frå start til mål. Sidan store deler av turen gjeng på svaberg, er det lurt å fylgje desse merka alt frå starten av, så ein blir vant med det. Merkinga er sett både på trestammar og på sjølve fjellet i tillegg til små vardar nå og då. Likevel kan nokre av merka vere vanskelege å sjå, særleg der dei gjeng på svafjell. Tipset er å sjå etter dei blå merka, ikkje følgje der det ser ut til å vere sti. EKSTRATIPS: På det siste høgdedraget før myra, ligg det eit lite tjern til høgre for stien. Dette er ei perle det er verd å ta turen bortom, anten på tur opp eller ned. Ein ser ikkje vatnet frå stien, så skal ein dit, må ein gå vekk frå den merka løypa, men ikkje langt. Tjernet er lite og ikkje så djupt, så på varme sommardagar er det svært godt å ta ein dukkert på vegen ned att. Etter mykje regnvêr er tjernet så fullt av vatn at det renn over kanten og like ned på framsida av fjellet mot Treungen. FAKTA OM LAV: Lav delast inn i tre hovudgrupper: Busklav, bladlav og skorpelav. Lav er ei blanding av sopp og alge. Skorpelav, som i hovudsak utgjer mikrolavene, veks fast til underlaget med heile undersida, eller det senker seg delvis i underlaget slik kartlav gjer. Vi ser det då som eit grønt teppe på fjellet. Legg merke til dette grøne teppet på denne turen. Lav veks seint og blir gammalt. I tillegg er lav veldig sårbart og tålar dårleg luftforureining.