star
star
star
star
star

Skogstur til Setålen

Slak og fin tur til dei tradisjonsrike vårstølane Øvrabøstølen og Setålen. Stien mellom stølane har mange blaute parti. Fin utsikt over Lustrafjorden frå Setålen. Høgdeskilnad: 180 m. Frå Galden...

Praktisk info

Enjoy-kode: 282003
Ta av frå fv 55 og parker ved bensinstasjonen på Galden. Turen byrjar på ein skogsveg på motsett side av fv 55.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
5.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Slak og fin tur til dei tradisjonsrike vårstølane Øvrabøstølen og Setålen. Stien mellom stølane har mange blaute parti. Fin utsikt over Lustrafjorden frå Setålen. Høgdeskilnad: 180 m.

Frå Galden til Øvrabøstølen går turen langs god sti og skogsveg og tek om lag ein halv time. Turen frå Øvrabøstølen til Setålen går i slakt lende langs lia, og tek om lag ein time. Stien noko ulendt og kan vere blaut om våren og etter regn.

Setålen og Øvrabøstølen er vårstølar for Solvorn. Her er tufter og stølshus som vitnar om ein allsidig aktivitet. På Øvrabøstølen fanst det både sel, fjøs, løer og grisehus. På Setålen var det tidlegare fire sel. Kvart av hovudbruka hadde inngjerda slåtter med løer. Tidlegare vart stølsdrifta flytta til fjellstølane Brimskår og Fjellstølen utpå sommaren, men det er lenge sidan desse stølane var i bruk. I dag finst det lite spor att i landskapet etter desse fjellstølane.