star
star
star
star
star

Skjeljevatna

Det er to ruter til Skjeljevatna: 1. Frå Dalskaret - Dalskarhornet -Skjeljevatna. 7,4 km t/r og 566 høgdemeter. Parker på parkeringsplass i svingen på Dalskaret. Følg pil inn i eit lite...
Foto: Lars-Helge Honningsvåg

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 497386
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
9.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Det er to ruter til Skjeljevatna:

  1. Frå Dalskaret - Dalskarhornet -Skjeljevatna. 7,4 km t/r og 566 høgdemeter.

Parker på parkeringsplass i svingen på Dalskaret. Følg pil inn i eit lite plantefelt før du enkelt å greit følger ryggen mot Dalskarhornet. På Dalskarhornet står ein stor telefon/tv antenne som du ser stort sett heile vegen. Tørt og fin sti stort sett heile året. Fin utsikt på toppen, men det er bratt på nordsiden så vær forsiktig der. På toppen fortsetter du vestover og går så går det nedover i 10 minutter før du starter på ein lang motbakke. Når ein er komt nesten opp bakken følger ein stort sett kanten mot morkadalen utover tildes ein kommer til eit lite høgdedrag nord for tre små vatn. De er ikkje noken utprega topp men fin utsikt alikevel og utgangspunkt for vider tur om ein vil.

  1. Dragseidet - Vardeberget - Grøterøysa - Skjeljevatna. 11,2 km t/r og 526 høgdemeter.

Parker på parkeringsplass ved Vikinglandsbyen på Dragseidet mellom Stadlandet og Drage. Her kristna kong Olav Trygvason 4 fylker (Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke) i år 997 ! Det er også plassen for starten til fjelløpet Stadlandet Rett Vest (13,2 km) som går i Mai kvart år. Følg Skilting og røde pinner til topps. Stien går i lyng og nokre korte innslag av myr. Stien går jamt og fint oppover mot Vardeberget. Oppe på Vardeberget har du fin utsikt men ikkje 360 graders rundskue. Så er det berre å fortsett turen videre til Grøtrøysa som er omtrendt like langt som frå Dragseidet til Vardeberget. Rett før toppen er det ca 50 meter avstikker til venstre frå Rett Vest løypa. Frå grøtrøysa fortsetter du rett nordover og nedover mot Grøtrøysavatnet, før det bere litt i motebakken og ein liten avstikker til venstre mot Skjeljevatna.

Om du vil ha ein lenger tur så kan du ta turen tilbake til Dragseidet via Dalskarhornet og vegen tilbake frå Dalskaret til Dragseidet (totalt 12,4 km , 3 timer og 638 høgdemeter).

Dette er tur nr 9 på Stadlandet IL Fjelltrim