star
star
star
star
star

Skitur til Havrefjell i Nissedal kommune

Havrefjell ligg i Nissedal kommune, og er eit viktig turmål for mange folk. Turen opp på Havrefjell er familievenleg og lettgått på fjell, men det stig heile vegen til topps. Den merka løypa er på...

Praktisk info

Enjoy-kode: 908589
Frå E18 følger du Rv 418 mot Gjerstad og Fv 71 mot Øy. Litt etter fylkesgrensa mellom Aust Agder og Telemark ta av til høgre ved Vehus, ved skilt merka ”Sandtjønn 2 km”. Me køyrer langs Vehusåna og Samlogheia. Betalingsbom (bankkort). Parkering ved Sandtjønn, der stien til Havrefjell startar.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
13.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Havrefjell ligg i Nissedal kommune, og er eit viktig turmål for mange folk. Turen opp på Havrefjell er familievenleg og lettgått på fjell, men det stig heile vegen til topps. Den merka løypa er på 3 km ein veg. Som namnet Havrefjell seier, kan me sjå havet herifrå, og utsynet er vidt. Turen blir her skildra tur-retur toppen, med alternative ruter i tillegg. GONGTID: Om lag 1 t. 3 km til toppen. Rekn med 3 t på heile turen med pause. TUREN: Turløype Sandtjønn – Havrefjellvarden – Sandtjønn Sandtjønn ligg på 353 moh og Havrefjellvarden på 638 moh, men stiginga er jamt fordelt. Heimover er det berre nedoverbakke. Området ved Sandtjønn og Spjotvatn er prega av den store hytteutbygginga dei siste åra. Frå parkeringsplassen ved Sandtjønn går me på fjell og god sti oppover fjellsida. Me vinn raskt høgde, og utsynet over heiane rundt og hyttefelta vidar seg ut. Utsynet mot Solhomfjell og branntårnet opnar seg. Langs løypa vekslar naturen mellom fjell, lyng og renner med lauvskog og bartre, etterkvart ispedd myrar. Etter om lag fem hundre meter, like før den store steinen, tek me ein liten avstikkar ned i skogen til høgre. Her ligg Havrefjellhola under fjellsida. Det er ei lang hole som skrår innover i fjellet, men ver varsam, for store steinflak kan falle ned eingong… Snart kryssar me ein bekk ved Røyrkjerr, og går opp ei ”trapp” der det ofte renn vatn. Etter regnver kan me drikke vatn rett frå veslefossen. Til tider renn det små bekkar over fjella fleire stader, og her er det fint for ungane å susle i vatn. Me vandrar opp ein liten egg, og snart er me halvvegs. Landskapet flatar meir ut og me oppdagar at det er mykje svåfjell og lyngrabbar på Havrefjell. Nærmare toppen ser me større myrar og får ei kjensle av vidde. Etter nærmare ein times vandring ser me varden på Havrefjell, og beina går av seg sjølve den siste beten til toppen. Det er tid for å skrive namna i boka og ta fram nista og kaffen, og ha ei godstund. No kjem kikkerten fram og utsynet famnar vidt. Lengst unna ser me frå fjella i Nissedal til Lifjellområdet, Jomfruland og havet frå Kragerø til Tvedestrand. Me får auge på den høge masta på Hovdefjell i Vegårshei. Den breie heia midt imot oss er Solhomfjell med branntårnet. Auga fer vide, og ein lurer på kva som gøymer seg i dalar og fjell? Etter ei lang kvile, akslar me sekken og går same vegen heimover. Me vandrar lett nedover til parkeringsplassen. Utsyn over hei og fjell følger oss heile vegen.