star
star
star
star
star

Skisenteret rundt frå Harpefossen

Turen rundt skisenteret er ein relativt kort tur, men likevel med mange høgdemeter (500). Turen går opp til toppen av fjellheisen kor det er god utsikt over dalen og fjorden, mens turen ned går via...

Praktisk info

Enjoy-kode: 637943
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Stor parkeringsplass ved Harpefossen Skisenter.
Reise med kollektiv: Fra Oslo/Bergen/Trondheim: Norway Bussekspress til Nordfjordeid, deretter taxi eller privatbil til Harpefossen. Evt. tog til Otta fra Trondheim eller Oslo, og videre med Nordfjordekspressen (buss) til Nordfjordeid.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
7.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen rundt skisenteret er ein relativt kort tur, men likevel med mange høgdemeter (500). Turen går opp til toppen av fjellheisen kor det er god utsikt over dalen og fjorden, mens turen ned går via skitrekket på Furuhogane og hyttegrenda.

Harpefossen / Tippabrua – Bjønnasletta – Furuhogane – Harpefossen Hyttegrend – Harpefossen / Tippabrua

Frå parkeringsplassen ved Tippabrua på Harpefossen (Varmestova) går turen 300 meter på grusveg opp forbi Varmestova og til heisbua for fjellheisane. Herifrå er løypa merka vidare opp og nordaustover langs Høgebakkløypa som går i overkant av hyttefeltet. Rett før løypa krysser Fosseholtgrova (400 m) tek ein av rett opp og nordover Fosseholtløypa til ein kjem innpå skogbilvegane etter snaut 200 meter. Ein fylgjer so skogsbilvegen vestover til ein passerar fjellheisane og kjem ut i hovudtraseen på Lystelihogen (300 m). Her fylgjer ein utforløypa rundt til toppen av fjellheisane på Steinane (1,3 km). Frå toppen av fjellheisane ser ein rett ned på Harpefossen og ein har god utsikt over heile Hjelmelandsdalen og ut over fjorden. Frå Steinane går løypa flatt innover Bjønnasletta mot toppen av Kjenndalsheisen. Når ein kjem innpå traktorvegen frå Furuhogane fylgjer ein denne ned til Furuhogane (1,4 km), etter kvart langs heistraseen for Kjenndalsheisen (600 m). Ein alternativ veg ned til Furuhogane er å fylgje stien som går langs Kjenndalselva aust for Kjenndalsheisen (1,6 km). Herifrå går turen ned att gjennom hyttefeltet før ein er tilbake ved utgangspunktet på Harpefossen / Tippabrua (3 km). Ein alternativ trase frå Furuhogane og ned er å fylgje Høgebakkløypa i overkant av hyttefeltet (2 km).

Turen passer for alle som er i rimeleg bra form og som klarer å ferdes i terrenget.