star
star
star
star
star

Skidtur i Holmafjellet i Bjerkreim kommune

Heid-landskapet nordanfor Vikeså i Bjerkreim kommune høver godt alle dei som er ute etter ein noko stuttare skidtur i lettgjengt terreng utan nokon altfor bratt og krevjande mot- eller undanbakke....
Foto: Jens Wyludda

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 820247
Rundturen startar ved Fv112 (Nedrebøvegen) vest for Lomstjørni attmed ein fjellknatt (Revshammaren) der ein traktorstig tek av hovudvegen og gjeng inn i heidi. Ein når utgangspunktet åt denne turen med di ein køyrer på Fv112 ifrå Vikeså via Skjæveland nordetter mot Nedrebø/Fuglestad. Det er ingen parkeringsplass her, so bilen lyt parkerast i ei veglùmma rett på fylkesvegen.
Type
Turer
Passer for
Alle
Varighet
2 timer
Lengde
8.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Heid-landskapet nordanfor Vikeså i Bjerkreim kommune høver godt alle dei som er ute etter ein noko stuttare skidtur i lettgjengt terreng utan nokon altfor bratt og krevjande mot- eller undanbakke. Det er då spesielt Holmafjell-umrådet – avgrensa av E39 mot vest og Fv112 mot aust – som innbyd til å ferdast på skid.

Den ruta som skal umtalast her, er ein rundtur og startar ved Fv112 (Nedrebøvegen) vest for Lomstjørni attmed ein fjellknatt (Revshammaren) der ein traktorstig tek av hovudvegen og gjeng inn i heidi.

Ein når utgangspunktet åt denne turen med di ein køyrer på Fv112 ifrå Vikeså via Skjæveland nordetter mot Nedrebø/Fuglestad. Det er ingen parkeringsplass her, so bilen lyt parkerast i ei veglùmma rett på fylkesvegen.

Um sùmaren/hausten vert Holmafjellet nytta som beitemark, og dette inneber at det finst nokre gjerde – til dels òg med piggtråd – på sùme stader langs ruta. No i denne vinteren (mars 2018) er snjo-tilhøvi so pass gode at gjerdi ikkje er serskilt til hinders for den som skal ferdast på skid. Marki er dekt med rikeleg av snjo, so det er stort sét berre nokre gjerdestolpar som er å sjå.

Turmål og høgste punkt på denne ruta er toppen av Ravlafjellet (439 meter yver havet) som òg um lag er det geografiske midtpunktet i Holmafjell-umrådet.

Ruta byrjar på traktorstig som må fylgjast til han endar i marki, og derifrå held ein rimeleg stødt fram i nord-vestleg leid mot Fuglestadvatnet til ein kjem til eit noko flatare parti kring Knudabekken der ei myr danar grunnlaget under snjoen.

Terrenget er tolleg lettgjengt og stig nokolunde jamt. Det finst rett nok ingi løypa her, men av di landskapet er yversynlegt og ope er det nokso lett å orientera seg – òg utan noko spor eller nokor merkjing. Trass i det er det sjølvsagt til gagns med GPS/kart for å kunna vera trygg på at ein ferdast i rett leid.

Etter at ein hev gjenge tvers yver myri, vender ein noko meir til vìnstre i sud-vestleg leid og set so kursen uppetter skråningi mot toppen av Ravlafjellet. Heile den siste lùten på veg mot det høgste punktet av turen er ein framhaldande motbakke som stig makleg uppyver.

Uppe på toppen finst det ein liten varde, men ingi turkasse/turbok. Endå sjølve toppen ikkje ligg serskilt høgt, er utsynet rimeleg bra, serleg mot vest innyver Høgjæren og mot aust der auga fell på Faurefjellet og fjelltoppane kring Ørsdalsvatnet som skimtar i det fjernet.

På vegen attende orienterar ein seg i sud-austleg leid mot den stupbratte kanten nord for Snøsvatnet. Fyrst gjeld det å renna nedyver bakken, og so fer ein burtetter mot aust. Det finst mange ymse alternativ her, og ein fær berre velja sjølv um ein vil ganga upp på nokre fleire fjellknattar som ligg langs ruta. Det vert då iallfall nokre gilde renslor som kjem attåt.

Når ein held fram langs Snøsvatnet, bør ein helst òg taka med toppen av Snøsfjellet som ligg ytst på austsida av sjølve vatnet. Etter den siste undanbakken nedum myri vender ein då sudyver – radt mot toppen. Denne fjellknatten byd på ei siste dugeleg rensla, og so endar turen med di ein renner heilt ned igjenom Revsdalen attende mot fylkesvegen. På det siste stykke fyre ein kjem att til den plassen der bilen stend parkert, lyt ein vera litt varsam. Det er tvo gjerde med piggtråd her som ein må kliva yver – dessutan finst det ein del buskar og steinar som er til hinders.

Heile turen er um lag 7-10 km, det spørst kor mange svippturar på dei ymse fjellknattane ein tek.

(Bilæte frå tvo ulike turar på same ruta)