star
star
star
star
star

Skavhedlo

Ca 300 meter etter ballbingen på Berge, tek du til høgre inn på grusa skogsveg.(Like før du kjem til Os hageservice sine lokaler). Vegen heilt inn til Skavhedlo er god, og her kan du gå på...
Foto: Roar Haugsgjerd

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 170289
Frå Os sentrum køyrer du mot Hatvik. Like før du kjem til fergeleie tek du til venstre opp mot Berge. Like etter ballbingen på høgre hand, er det ein liten parkeringsplass der du kan setje bilen. Gå mot Os Hage service sine lokaler, og ta til høgre inn på Skogsveg.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ca 300 meter etter ballbingen på Berge, tek du til høgre inn på grusa skogsveg.(Like før du kjem til Os hageservice sine lokaler). Vegen heilt inn til Skavhedlo er god, og her kan du gå på trilletur om du vil. Skogsvegen har granskog på begge sider av vegen første del av turen, men etter omlag 1 km åpnar landskapet seg, og du får fantastisk utsikt mot Fusa og Samnangerfjorden.

"Skavhella hev fenge namnet sitt av ei hella, eit flatt berg eller ein anna liten flate, der ein hogde skav eller samla i hop skavveden til bruk for vinteren". Nils Tveit, Os soga

På Skavhedlo budde det folk fram til tidleg på 1900- talet, og det var 2 bruk på Skavhedlo. Under 2.verdskrig stod det eitt hus igjen. Det huset vert nytta som skjulestad for 2 russiske krigsfangar som rømde frå fangeleiren på Haugsneset. Dei vart funne av tyskarane, og avretta. Tyskarane brant samtidig ned det siste huset som stod igjen på Skavhedlo.