star
star
star
star
star

Skartland-Vikebygd via Dyraskarsvatnet, indre leia

Dette er ein tur som startar ved Skartland, der ein går via Såto og Dyrskarsvatn fram til Trodlanibbå, og ned til bygdahuset i Vikebygd. Det er den indre leia frå Skartland til Vikebygd via...

Praktisk info

Enjoy-kode: 312709
Turen startar ved fylkesvegen på Skartland, ca 500 m. sør for krysset ned til Årvik. Her er det ein avkøyrsel mot aust, og ein liten parkeringsplass på sørsida av avkøyrsla. Ikkje parker slik at ein stengjer traktorvegar eller andre vegar, vis hensyn. For å koma hit så ta av frå E134 ved Isvik og føl vegen mot Vikebygd i vel 16 km, til ein får denne avkøyrsla på høgre side.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
8.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein tur som startar ved Skartland, der ein går via Såto og Dyrskarsvatn fram til Trodlanibbå, og ned til bygdahuset i Vikebygd. Det er den indre leia frå Skartland til Vikebygd via fjellet.

Turen startar nede ved fylkesvegen og ein tar inn på skogsvegen som har retning nordover i starten, ein føl den oppover, igjennom ei grind, i ca. 500 meter før vegen svingar skarpt til venstre og går over på ein sti, som først går mot nord i vel 100 m før den svinga sørover og oppover mot Såto igjen.

Etter ca. 1 km gange i ikkje alt for bratt terreng så er ein på toppen av Såto, her er det skilt som syner veien vidare. Frå Såto går ein sørover, først ned ei lita dump til ein kjem til eit skilt der stien delar seg, her tar ein til venstre mot Dyrskarvatnet.

Frå Såto så er det ca. 1.8 km til Dyraskorvatn. Stien frå Såto til Dyrasskog går i vekslande terrreng i gjennom furuskog og noko myrlendt landskap til ein er over tregrensa i nordre enden av Dyraskarvatnet, 449 m.o.h. Llike før ein kjem fram til Dyraskarvatnet kan ein, litt avhengig av vassføringa, sjå ein liten foss, den heiter Dei Svarte Fossane.

Ein kryssar bekken frå Dyraskosrvatnet heilt inntil vatnet og går så vidare på fjellryggen på austsida av vatnet, her er det fint terreng og det er ope og fritt. Når ein har gått til enden av vatnet så går stien inn på litt myrlendt terreng før ein passerar austsida av ei lita tjørn, og terrenget blir noko fastare og tørrare. Sidan Dyrskarsvatnet har det vore lite stigning, og slik fortset det fram til ein kryssar utkanten av ei lita myr/tjørn ved Dei Grøne Liane og får ei noko bratt stigning opp ei skrent.

Vel oppe på skrenta så går stien no i nokså slak stigning i ca. 800 meter fram til Trodlanibbå. Her er det nokså tørt å gå.

Vel framme ved Trodlanibbå, 531 m.o.h., så lyt ein setje seg ned og nyta utsikten over Vikebygd og vide omkring. Her ligg det og turpostkasse som i sommarhalvåret inneheld ei bok.

Frå Trodlanibbå så går turen nokså bratt nedover i 700 meter, før ein er ved eit vegkryss øvst i Børkjelandsskaret. Her tek ein til høgre og går ned Børkjelandsskaret og vidare bortover det flate partiet som heiter Smalaklatt. Nedst i Børkjelanddskaret så går ein forbi ei steingrav, som i fylgje segnet skal vera den siste kvilestaden til ein småkonge.

Etter Smalaklatt så ber det nedover igjen, først eit nokså vått parti, før ein kjem inn på ein skogsveg, denne føl ein nedover til denne deler seg, i krysset held ein til høgre, mot nord, og inn på ein sti som ein føl i ca. 400 meter til ein er fremme ved ein ny skogsveg. Denne føl ein nedover i ca. 700 meter til ein er fremme ved bygdehuset i Vikebygd og i mål for turen.