star
star
star
star
star

Skarstøylen og Hegrenesnipa

Dette er ein flott topptur der du får utsikt over Jølstravatnet både mot aust og vest. Hegrenesnipa manglar berre 1 høgdemeter på å vere 900 moh! Turen opp via Skarstøylen og Øyskaret går i...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 705695
Ta av E39 på ein av dei to vegane (nr 454) inn mot dei innarste gardane i Ålhusdalen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
3.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein flott topptur der du får utsikt over Jølstravatnet både mot aust og vest. Hegrenesnipa manglar berre 1 høgdemeter på å vere 900 moh! Turen opp via Skarstøylen og Øyskaret går i relativt rolig og enkelt terreng. Først siste stykket opp på nipa er det eit kort parti i noko bratt terreng.

Skarstøylen ligg flott plassert i skaret mellom Hegrenesnipa og Bjørsetstøylen. Du går på traktorveg heile vegen opp. Utsikta over Ålhusdalen er flott på veg oppover, der du går i idyllisk beitelandskap. Etterkvart som du har tatt ein del høgde opnar utsikta seg, og du får fllott utsikt over Jølstravatnet i vestlig retning. Hugs å lat att grindane etter deg sidan dette er beiteterreng for sau.

Turen opp til støylen tek 25-35 minuttar og er definert som enkel (grøn rute), og eignar seg godt for barnefamiliar med dei yngste med på tur. Etter støylen held du fram på traktorveg og tydeleg sti heilt fram til Øyskaret. Først i skaret vert stien noko smalare og "vanleg". Frå Øyskaret får du nokre høgdemeter i noko bratt terreng opp på sjølve nipa. På toppen er det flatt og fint terreng, og flott utsikt i alle retningar. Frå støylen brukar du omlag 30-45 minutt opp til varden på Hegrenesnipa.

Traktorvegen opp til Øyskaret eignar seg godt for trimturar i motbakketerreng. Det går også fint å bruke sykkel for dei som har god terrengsykkel. Vegen opp til Skarstøylen er god start opp på desse både Hegrenesnipa og Bjørsetfjellet. Dette sporet viser veg til Hegrenesnipa via Øyskaret. Om du vil på Bjørsetfjellet kan du følgje same ruta inn til Øyskaret og ta vegen sørover mot Bjørsetstøylen der du byrjar å dreier nordover for å gå på Hegrenesnipa.