star
star
star
star
star

Skardhornet

Ein køyrer Høydalen og vidare til enden av bomvegen i Langedalen (Volda kommune), og går stien opp til demninga. Deretter følgjer ein ryggen til høgre opp til toppen (1043 moh). Det er ingen sti...
Foto: Irene Margrete Lunde

Praktisk info

Enjoy-kode: 895052
Type
Turer
Passer for
Voksne, Ungdom, Barn, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein køyrer Høydalen og vidare til enden av bomvegen i Langedalen (Volda kommune), og går stien opp til demninga. Deretter følgjer ein ryggen til høgre opp til toppen (1043 moh). Det er ingen sti opp ryggen, og noko tungt å gå i lyng. Frå toppen har ein fin utsikt til m.a. Matøskja og Eidskyrkja (Kyrkjefjellet).

Om ein vil ha med andre toppar i området, kan ein ta den korte avstikkaren oppom Humpen, på venstre sida av demninga. Dette er faktisk ein hump, men den har ein primærfaktor på 105. Ein fin rundtur er å ta seg til høgre ned frå toppen av Skardhornet, ned i Fairdalen. Når ein kjem til mastene, går det sti ned att til vegen.