star
star
star
star
star

Skardgrovbotnen og Nova

Turen opp til Skardgrovsbotnen er verdt ein tur åleine, for dette er ein idyllisk plass med små rennande elvar som siv ut frå det skjerma fjellvatnet. Dette er plassen der du verkeleg kan kjenne på...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 449259
Ta av E39 og køyr mot Gjesdalen på Vassenden. Mot avgift køyrer du skogsveg til parkeringa rett ved Bakkestøylen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Varighet
5 timer
Lengde
10.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen opp til Skardgrovsbotnen er verdt ein tur åleine, for dette er ein idyllisk plass med små rennande elvar som siv ut frå det skjerma fjellvatnet. Dette er plassen der du verkeleg kan kjenne på roen! For her er det få andre enn lokalt kjende og gjetarar som, inn til vidare, går forbi. Om du går vidare til Nova får du utsikt over fjella på Holsa og i Haukedalen. Toppen er nok mest vanleg å gå opp til frå Holsen.

Denne turen startar langs skiløypene i Gjesdalen. Du følgjer løypene eit stykke før du tek av og går turen vidare utanfor sti i myrlendt og "tungt" terreng opp mot Skardgrova. Du kryssar Skardgrova på ei hylle der elva har laga ein kulp, og svingar deg vidare oppover i terrenget til Skardgrovbotnen. Inn i mellom finn du heriifrå restar etter ein gamal sti. Frå Skardgrovbotnen går det sti opp mot ryggen som du følgjer eit stykke før du går i meir sørleg retning opp til Nova på 1170 moh.

Du brukar kring 2,5-3,5 timar opp til Nova og 1,5-2.5 timar ned att. Turen går utanfor sti omlag heile vegen, og du går nokre parti i noko bratt og tungt lyngterreng. Du kan nå denne toppen, og sjå denne turen i ein samanheng med å gå langs Finneskotgrova frå Gjesdalen til Holsen. Sjå vedlagt lenke til denne turen.

Du bør kunne orientere etter kart og kompass dersom du er i dette området på dagar der tåka skjem sigande. Feilnavigasjon ned frå Nova mot Gjesdalen kan føre deg inn i bratt terreng med hylle og klippeformasjonar.