Aktuelle alternativer
Detaljer
Sigrid Moldestad kjem med sitt sjette soloalbum 19 Februar og dreg på turne i Mars. På det nye albumet “Tonen i meg” tek ho oss med til eit musikalsk landskap med mørkere understraumar enn tidlegare. Hardingfela er fortsatt sterkt tilstades på fleire av songane, men det er også eit album som leikar seg i fleire genrer. Sigrid og bandet er kjent for sine sterke live-opptredener og har jobbet opp en trofast tilhengerskare over flere år.
Sigrid Moldestad har funne fram til sjølve grunntonen i seg på dette albumet. Og tonen er både skjør og kraftfull, hudlaus og trøystande, melankolsk og oppløftande. Her er kontrastane i livet, utkrystallisert i små fortellingar som i grunn handlar om oss alle. Fortid og notid går hand i hand i mange av songane. Små glimt av ei svunnen tid som set vår urolige tid i relieff. Heile tida med Moldestad si stemme i midten. Som ein varm klem, i den kalde tida..Rundt seg har ho sitt faste band gjennom mange år. Ein utsøkt gjeng leikande, lyttande og utforskande musikarar. Plata er produsert av Yngve L. Sætre og spelt inn i Duper Studio, Bergen.
Sigrid Moldestad Band Sigrid Moldestad: vokal, fele, hardingfele og ukulele Jørgen Sandvik: gitarer, gucheng, banjo, lap-steel, mandolin og vokal Anders Bitustøyl: bass og vokal Sigbjørn Apeland: trøorgel, piano, farfisa, rhodes og vokal Kåre Opheim: trommer og vokal Roald Kaldestad: gitarer, el-gitar, lap-steel, mandolin og vokal