Sigrid Moldestad band

Sigrid Moldestad og det framifrå bandet hennar inntek scenen i Kabuso laurdag 16. oktober! Sigbjørn Apeland: trøorgel, rhodes, piano Jørgen Sandvik: gitarar, banjo, mandolin Anders Bitustøyl:...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
16.okt
2021
kl 19:00

Detaljer

Sigrid Moldestad og det framifrå bandet hennar inntek scenen i Kabuso laurdag 16. oktober!

Sigbjørn Apeland: trøorgel, rhodes, piano Jørgen Sandvik: gitarar, banjo, mandolin Anders Bitustøyl: bass Kåre Opheim: trommer Roald Kaldestad: gitarar, mandolin

Sigrid Moldestad er norsk folkemusikar, sangar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar. Ho vart kåra til Årets Folkemusiker i 2010 og debuterte som soloartist i 2007 med plata “Taus”som ho fekk Spellemannsprisen for. Albumet henta musikk og inspirasjon frå 150 år gamle historier om dei mange kvinnene som spelte fele i Nordfjord, der ho vaks opp. Eit tema ho har jobba med i ulike uttrykk, både på scene, plate og konsertar. Songen “Samuline” vart kåra til årets låt i NRK Sogn og Fjordane i 2007 og var dedikert ei av desse spelkvinnene Samuline Seljeset (1804-1872).

Ho har gitt ut 6 soloalbum. Ho skriv tekstar sjølv, men har også tonesett diktarar som t.d Jakob Sande (“Eg ser inn i augo dine”), Tove Ditlevsen “ Så tag mitt hjerte”) og ikkje minst plata “Brevet til kjærleiken” med 11 dikt av Jan-Magnus Bruheim. Denne plata vart kåra til årets album uansett genre i NRK P1, “Norsk på Norsk”. Ho har samarbeidd med produsentane Yngve Leidulv Sætre, Kato Ådland og Morten Skage om platene ho har gitt ut.

Bandet ho spelar med har vore stabilt gjennom fleire år og ho og bandet er kjent for sine sterke konsertar og liveopptredenar. Ho har spelt på rockefestivalar, jazzfestivalar, folkemusikkfestivalar og countryfestivalar. Musikken hennar kjennest grenselaus og har teke til seg impulsar frå ulike genrar. Ho har også hatt sterke samarbeid med kammerorkesteret Ensemble Allegria og KORK, i tillegg til fast gjesteopptreden i Linda Eide sitt “Melodi Grand Jazz”.

Praktisk info

Enjoy-kode: 534771
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.