star
star
star
star
star

Signalen - Rundtur

Ver merksam på at denne turen følgjar umerka sti, men stien er god og lett å følgja. For dei riktig raske tek rundturen om lag 30. minuttar, avhengig av tempo og turfølgje. Dei bratte partia i...

Praktisk info

Enjoy-kode: 376614
Kjøyr RV555 frå Bergen mot Sund. Ved Fjell Kyrkje ta til høgre mot Møvik.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
1 time
Lengde
1.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ver merksam på at denne turen følgjar umerka sti, men stien er god og lett å følgja. For dei riktig raske tek rundturen om lag 30. minuttar, avhengig av tempo og turfølgje. Dei bratte partia i starten kan gjera den litt skummel for små barn, men når ein først har komen opp, er det lett å gå. Det er berre å ta tida til hjelp. Det kan vera ein nokre våte parti, det går som regel greitt å finna ein veg rundt dei. Nokre stader er det lagt ut steinar til å trø på over dei våte partia.

Turen starter frå Kiwi på Møvik (har du bil bør du parkera lengst vekk frå inngangen). Følg Signalvegen til endes og fortsett oppover ei grusveg. Du kommer opp til Signalvatnet og ei lita demning på høgre hand. På kartet ser denne ut som å liggja ved ei lita dam sør for Signalvatnet, men det er eitt vatn (avhengig av vasstanden i Signalvatnet).

Følg grusvegen vidare til du kjem til ein stor demning i enden av vatnet. Vegen går framføre demninga, men enda i ei bratt fjellskrent. Her er det berre å begynna klyva. Stien kan vera litt vanskeleg å finna, og her fins fleire alternativ, men går du rett opp frå nordre enden av demninga finn du den. Løypa er tidvis ganske bratt, og det er bratte skrentar, så pass på barna. Følg stien vestover til varden (vestre Signaltoppen). Her får du flott utsikt, særleg utover skjergarden og havet.

Vår/sommar ligg det gjerne ei bok du kan registrera deg i ved varden.

Herfrå går stien austover mot den austre Signaltoppen. For å komme opp på den austre Signaltoppen, må du ta ein liten avstikkar frå stien. Det tek berre eit par minuttar opp, og du ser toppen (varde m/mast), heile tida. Her får du ei flott utsikt i alle himmelretningar.

Tilbake på stien følgjer du denne austover til du kjem til eit gjerde. Dette følgjer du berre i 10-20 meter, så svingar stien vestover mot Signalvatnet igjen. Du kjem tilbake til gruvegen ved den litle demninga. Og får du lyst til å bada i Signalvatnet er det berre å hoppa uti. FjellVAR har frigitt vatnet til bading og vil ta vekk skilta med bandlegging.