Aktuelle alternativer
Detaljer
Til symposiets faste poesiprogram har vi i år invitert Gro Dahle og Gunnar Wærness til samtale. Dei er to av landets mest markante poetar, er kritikarroste og har nådd ut til eit breitt publikum. Begge er til tider både surrealistiske og utfordrande, og begge skriv fram bilete i diktinga som understreker magien i livet. På symposiet skal dei snakke om magiens rolle i poesien og om å dedikere livet sitt til å skriva. Programvert for Sentralbadet poesi er Fredrik Hagen.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2023 med tema MAGISK.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
FESTIVALPASS
Du kan kjøpe festivalpass til Litteratursymposiet:
MAGISK FESTIVALPASS
Eller dagspass:
DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG
DAGSPASS LAURDAG
Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet, så lenge det er plass. Vil du vere garantert plass, må du hente ut plassreservasjon på dei enkelte arrangementa (gratis).