SENTRALBADET POESI 2022

Til dette arrangementet har vi invitert to poetar - den eine heilt i starten av karrieren, den andre med eit langt forfattarskap bak seg. Felles for dei er korleis aktuelle samfunnsdebattar siv inn...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
06.okt
2022
kl 19:00

Detaljer

Til dette arrangementet har vi invitert to poetar - den eine heilt i starten av karrieren, den andre med eit langt forfattarskap bak seg. Felles for dei er korleis aktuelle samfunnsdebattar siv inn i skrifta - enten det er i poesien, eller i skrifta utanfor verselinjene. Begrepet “politisk poesi” er gjerne litt belasta - men kva med poetisk politikk?

Cecilie Løveid er ein av våre største nolevande poetar. I over femti år har Løveid skrive dikt, prosa og dramatikk. I hennar tidlege utgjevingar får både abortspørsmål og boligpolitikk flytte inn i bøkene. I dramatikken har ho ofte løfta fram historiske kvinneskikkelsar, og gjeve dei ein plass på scena.

Priya Bains gav ut si debutsamling “Med restene av mine hender” i 2021. Same år vart tidsskriftet Abhivyakti lansert, med Bains som redaktør. Ho har vore bokansvarlig i Fett feministisk tidsskrift, og er fast kommentator i Morgenbladet. I dikta hennar møter vi eit kor av stemmer, og tekstane fortel historier om sorg, avmakt og ritual. Møt Løveid og Bains i samtale med Fredrik Hagen.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du pålittsymp.no.

Praktisk info

Enjoy-kode: 689310
Type
Festivaler
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker