Send storm // Værlandet ungdomshus

SEND STORM — ein diktkonsert Ein sårare og meir kraftfull Jakob Sande i eit landskap av elektronisk og ambient musikk. I denne heilt nye framsyninga opnar skodespelar Idun Losnegård og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
08.apr
2022
kl 19:30

Detaljer

SEND STORM

— ein diktkonsert

Ein sårare og meir kraftfull Jakob Sande i eit landskap av elektronisk og ambient musikk.

I denne heilt nye framsyninga opnar skodespelar Idun Losnegård og komponist Viljar Losnegård nye rom i Jakob Sande si dikting, både ved å bruke mindre kjende dikt, men også ved å leite etter fleire tonar i dei dikta vi kjenner aller best.

Det er mykje sårheit og alvor i diktinga til Jakob Sande. Ei kjensle av å vere utstøytt, einsam og innestengd i eige liv. Eit enormt behov og ein kamp for å få uttrykke seg, og ein lengt som er så sterk at ein til slutt ikkje klarer å halde tilbake og må sleppe stormen laus.

‘Ein fornyar av nynorsk lyrikk’ vart det sagt om Jakob Sande då han debuterte som forfattar. Det endra seg etter krigen. Populære radioprogram og platesuksessar gjorde at han helst vart oppfatta som ein enkel og humoristisk visediktar, noko han aldri slo seg til ro med.

Musikken til Viljar Losnegård skildrar heile spekteret av kjensler, men bukkar av der teksten bør stå åleine. Dei visuelle rammene, skapt av Marianne Stranger, speler på lyset og mørket i dikta og gir ein smakfull konsertestetikk. Vokalen til Idun Losnegård bølgar mellom insisterande kraft og kjenslevare sukk og snakkar filterlaust og nært til publikum.

Framsyningslengd: 45 min

Kunstnarleg lag

Dikt av Jakob Sande Idé og konseptIdun Losnegård Regissør Cecilie Grydeland Lundsholt Komponist, lyddesignar og musikarViljar Losnegård Visuelt uttrykk Marianne Stranger

Medverkande Idun Losnegård og Viljar Losnegård

«Send storm» er ei vidareutvikling av den nyskapande framsyninga «Lengt» avLosnegårdogLosnegård, utvikla etter idé av IdunLosnegårdog i samarbeid med Jakob Sande-senter for forteljekunst og Teater Vestland. Samarbeidet blir vidareført i denne framsyninga.

Praktisk info

Enjoy-kode: 339466
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker