star
star
star
star
star

Selsvik - Gullbergnotten

Skildring av tur Turen går i Gullbergnotten naturreservat. Du startar i Selsvik med å gå gjennom frukthage til du finn eit retningsskilt. Gå vidare gjennom innmarksbeite til eit nytt...

Praktisk info

Enjoy-kode: 132735
5,4 km nord for Jondal sentrum (veg 550), ta av mot Selsvik. Etter ca 350 m kjem du til eit vegkryss. Her er startpunkt for tur til Jonahorn, og informasjonstavle for turane til Jonahorn og Gullbergnotten. Turen til Gullbergnotten startar ca 400 m lenger opp mot Selsvik (ved enden på asfaltert veg). Parker langs gardsbygning. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
2.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Turen går i Gullbergnotten naturreservat. Du startar i Selsvik med å gå gjennom frukthage til du finn eit retningsskilt. Gå vidare gjennom innmarksbeite til eit nytt retningsskilt, og så på traktorveg eit stykke oppover. Veg går over til god skogsti og du kjem inn i reservatet. Stien går om lag der høgspentlinja går til toppen av skaret. Det er her skilta til Gullbergnotten (Ved skiltet tek det av ein umerka sti til Tofjell.) Like ovanfor skaret går du innom stølen Liasete. På Gullbergnotten er det svært god utsikt ned til Jondal sentrum og ut fjorden. Her kan du også gå vidare ned til Jondal.

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha joggesko eller fjellstøvlar.
  • Mobildekning er god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i reservatet.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.