star
star
star
star
star

Se gamle byggeskikker i Bygningshistorisk park, Dovre

Om bygningshistorisk park: Bygningshistorisk park er eit viktig virkemiddel i å byggje opp kompetanse i og forståing for kyndig restaurering, rehabilitering og vedlikehald av verneverdige...
Foto: Helle Hundevadt

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 819452
Ta av fra E6 ved Dovre tettsted eller ved Dovreskogen camping.Følg skilting mot Bygningshistorisk park. Parkeringsplass ved Øverbygdsveien på oversiden av parkområdet.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
0.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Om bygningshistorisk park:

Bygningshistorisk park er eit viktig virkemiddel i å byggje opp kompetanse i og forståing for kyndig restaurering, rehabilitering og vedlikehald av verneverdige byggverk. Parken består av 12 bygg frå forskjellige tidsepokar. Bygningshistorisk park blir nytta til opplæring, kurs og er ein arena Hjerleid nyttar for å vise mangfaldet i historiske bygningsteknikkar. Norsk Handverksinstitutt har vore ein sentral samarbeidspart i oppbygging av parken.

Parken står open for alle til ei kvar tid. Parken er eit populært turmål for familiar og barnehagar, og er brukt til skuleavslutningar. Det er vatn i bekken og bålplass, så det er berre å sette på kaffien! Vi oppmodar alle besøkjande til å ta en titt i postkassa som står utanfor Veslestugu i parken, der det ligg brosjyrar og ei gjestebok. Dette er et fint turmål for de som er interessert i gamle byggeskikker, men også for andre som vil rusle en tur i koselige omgivelser. Det kan være litt bratt i skråninga ned mot parken, så vær forsiktig om du ikke er så god til bens.

Ein del av det du kan sjå i parken:

Oppgangssag frå 1700-talet. Saga blir brukt til opplæring og demonstrasjon i sommarhalvåret.

Tømmerstue (veslestugu) som stort sett er bygd av sliptømmer.

Utedo i stav/laft-konstruksjon.

Vesleburet er ein ”kopi” av eit mellomalderhus frå Telemark. Alt tømmeret er øksa for hand og sletta med reiskap som var i bruk i mellomalderen.

Tjæremile som blir brukt til å produsere milebrent tjære. Det blir som regel brent mile kvart år, her er det mogleg å vera med for å lære.

Låvebygning der du kan sjå seks ulike måtar å byggje stavreiste hus på frå seks ulike delar av landet.

Steinhus som er bygd av Dovre-stein, og mura opp utan bindemiddel. I området finn du og ei kvern, tørrstugu og ei smie.