star
star
star
star
star

Sauskolten 732 moh

Frå parkeringsplassen på Midtsæter går du om lag 200 meter oppover vegen,før du tek til venstre gjennom grind, og følgjer skogsvegen vidare oppover.Etter ei kort stund kjem du til eit kryss der det...
Foto: Roar Haugsgjerd

Praktisk info

Enjoy-kode: 233478
Frå Os køyrer du gjennom Hegglandsdalen og ned Rødsliane. I botn av Rødsliane tek du til venstre mot Øvredalen. Etter om lag 500 meter tek du igjen til venstre og inn på Midtsætervegen. Vegen er smal og svingete opp mot parkeringsplassen. Parkeringsplassen ligg på venstre side.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn, Ungdom
Varighet
3 timer
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen på Midtsæter går du om lag 200 meter oppover vegen,før du tek til venstre gjennom grind, og følgjer skogsvegen vidare oppover.Etter ei kort stund kjem du til eit kryss der det er skilta til Midtsæterfjellet. Hugs å lat at grinda. Oppover mot Midtsæterfjellet går du gjennom blandingsskog, før du kjem over tregrensa.Der det tidligare var blaute partier, har Os turlag lagt tilrette med klopper og bruer. Når du kjem over tregrensa opnar landskapet seg og ei nydeleg utsikt kjem til syne.

Frå toppen på Midtsæterfjellet (604 moh) er det 4,8 km inn til Sauskolten. Sauskolten ligg 732 moh, så på dei 4,8 km inn til Sauskolten stig det med ca 130 høgdemeter. Det er eit fantastisk landskap, og du får verkeleg høgfjelsskjensla. På vegen inn mot Sauskolten går du via Rindafjellet 715 moh.