star
star
star
star
star

Såto i Vikebygd, 266 m.o.h.

Denne turen er opp til toppen og ned samme vegen igjen. ​Såto er ein populær tur i Vikebygd, det er ein lite krevjande tur og veleigna for folk i alle aldrar. Sjølv om ein ikkje stig så høgt i...
Foto: Roald Årvik

Praktisk info

Enjoy-kode: 689627
Turen startar ved fylkesvegen på Skartland, ca 500 m. sør for krysset ned til Årvik. Her er det ein avkøyrsel mot aust, og ein liten parkeringsplass på sørsida av avkøyrsla. Ikkje parker slik at ein stengjer traktorvegar eller andre vegar, vis hensyn. For å koma hit så ta av frå E134 ved Isvik og føl vegen mot Vikebygd i vel 16 km, til ein får denne avkøyrsla på høgre side.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne turen er opp til toppen og ned samme vegen igjen. ​Såto er ein populær tur i Vikebygd, det er ein lite krevjande tur og veleigna for folk i alle aldrar. Sjølv om ein ikkje stig så høgt i terrenget byr turen på flott utsikt. Spesielt nordover, men også sørover om ein vil.

Turen startar nede ved fylkesvegen og ein tar inn på skogsvegen som har retning nordover i starten, ein føl den oppover, igjennom ei grind, i ca. 500 meter før vegen svingar skarpt til venstre og går over på ein sti, som først går mot nord i vel 100 m før den svinga sørover og oppover mot Såto igjen.

Etter godt og vel 1 km med gange oppover i ikkje alt for bratt terreng flatar stien seg ut og ein kjem inn i eit flatt og fint skogsparti. Her kan ein finna utsiktspunkt ned mot Skartland. Ein forlèt skogen og går over ei myr, og så er det berre ein liten stigning så er ein på toppen av Såto.

Her legg speidarane kvart år ei bok som ein kan skriva namnet sitt i, den ligg ut i sommarhalvåret, april til og med oktober. Såto er første topp i den velkjente Hardhausen, «6 toppar på ein dag» turen i Vikebygd.

Frå toppen kan ein på klare dagar sjå heilt til Folkefonna.