star
star
star
star
star

Såtemyrane frå Samfunnshuset Skogen Sletta

Har ein bil, er det mogeleg å parkera ved samfunnshuset/idrettsbana. Derifrå følgjer ein vegen mot Helland eit par hundre meter. Midt i bakken tek ein til venstre. Skogsvegen/ stien ein skal...
Foto: Anne Marie Stang

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 976593
Parkering ved Samfunnshuset Skogen Sletta.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4.4 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Har ein bil, er det mogeleg å parkera ved samfunnshuset/idrettsbana. Derifrå følgjer ein vegen mot Helland eit par hundre meter. Midt i bakken tek ein til venstre. Skogsvegen/ stien ein skal følgje, er merka med plastremser fram til Såtemyra. Ein må vera førebudd på at det er vått fleire stader.

Skogsvegen følgjer langs myra eit stykke før plastremsene viser at ein skal følgja ein sti opp til høgre. Stien tek ein over åsen og ned på ein ny skogsveg i Haukåsdalen. Denne vegen er lett å følgja. Opp til venstre ser ein Ørneberget før ein krysser eit litt vått parti på veg sørover. Det ber slakt oppover, og snart skimtar ein Grønestølstjørna nede til høgre. Det har vakse opp mykje tre, så det er ikkje så mykje ein ser av vatnet ein går langs med. Om lag der vatnet endar, viser plastremsene (og eit skilt) at ein skal svinga opp til vestre. – Dei som ønskjer å koma ned til det neste vatnet, Grønestølsvatnet, kan fortsetja ned bakken og litt bortover. Skogsvegen går her heilt i vannkanten. Denne avstikkaren tek ikkje meir enn nokre få minutt.

Tilbake i den merka stien, tek den einover æsen att, og tilbake til sør i den dalen ein starta i. Ein kjem ned om lag ved Såtemyrtjørna. Her følgjer ein skogsvegen/stien i kanten av eit hogstfelt mot Såtemyra med torvhusa til gardane sør på Sletta. Desse minner oss om tider då dei i mangel på tre (ved) måtte nytta torv frå myrane til å fyra med.

Her er og laga til nokre enkle benkar der de kan sitja litt i fred og ro før de startar på vegen tilbake. De følgjer same vegen tilbake til der de kom ned til skogsvegen ved Såtemyrtjørn. Nå følgjer de skogsvegen/stien som går i dette austre dalføret. Etter ei lita stund, ser de ein sti som tek av til høgre. Den går over mot Pletten. Vår veg går vidare mot nord med skogsida på venstre hand, og myrlende på høgre hand. Etter ei stund kjem ein tilbake til merkinga frå første del av turen.