star
star
star
star
star

Såtefjellet- rundtur

Såtefjellet byr på "speglvendt" utsikt i høve utsikta frå Tverrfjellet på Lunde. Med andre ord; Såtefjellet byr på kjempe-utsikt innover Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden! Ruta som er laga startar...

Praktisk info

Enjoy-kode: 542810
Ta av E39 rett vest for Helgheimskyrkja. Forbi gardstuna kjem du til skogsveg som kostar 30 kr. Det er ofte elektriske gjerder på vegen oppover. Det er viktig at du let desse godt att etter deg. Skogsvegen er noko bratt , og har einskilde parti som kan vere utfordrande å passere dersom bilen er for låg.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Såtefjellet byr på "speglvendt" utsikt i høve utsikta frå Tverrfjellet på Lunde. Med andre ord; Såtefjellet byr på kjempe-utsikt innover Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden!

Ruta som er laga startar og endar på parkeringsplassen ved skogsvegen. Frå parkeringa går du utanfor sti i noko småkupert terreng opp til ryggen av fjellet. Her opnar allereie utsikta seg over Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden, og følgjer med deg vidare heilt til toppen. Langs ryggen går du i lett og fint terreng heilt til toppen. Tidvis er det spor etter ein eldre sti. På toppen finn du ein flott varde å raste ved.

Vegen ned går i nordleg retning mot Skaret. Her har vi freista å legge sporet etter ein eldre og merka sti. Tidvis er denne vanskeleg å sjå. Men dette er ikkje eit problem sidan terrenget er lett å "fote seg i". Ruta ned her gir deg flott utsikt over Helgheimsdalen, Helgheimstøylen, vegen opp til Vasskaret og Skjorta, samt fjellpartiet rundt Intsengegga. Det er litt bratt i det eine partiet ned mot Skaret. Frå Skaret går du i myrlend, og noko vått terreng attende mot parkeringsplassen.

Du kan sjølv velge om du vil gå turen i same retning som turen er logga, eller gå motsett veg. Slik vi har laga sporet er vegen opp "jamt brattast", mens du får eit kortare parti som er bratt den andre retninga. Vel nede på parkeringsplassen kan du også ta ein kort avstikkar over brua og vitje den flotte Helgheimsstøylen. Det tek deg kring 10 minuttar inn til denne frå der bilen står.

I graderinga av turen ligg denne i grenseland mellom å vere "middels"(blå) og "krevjande" (raud). Den er merka med middels (blå) sidan den ikkje inneheld noko luftige parti,og heller ikkje klyving eller vading. Men sidan du går i område der det ikkje er særleg synleg sti, og det fines bratte parti, kan det t.d. bli utfordrande å orientere ved tåke. På godværsdagar er dette ikkje problematisk sidan terrenget er ope og "lett å lese". Men om du skulle få tåka på deg, bør du kunne orientere etter kart/kompass.