star
star
star
star
star

Sandegga frå Furuhogane

Sandegga (Klakken) er en av de høgste (1272 moh) fjelltoppene i området, men likevel svært lett tilgjengeleg med relativt slak oppstiging og ikkje nokon form for klatring. Utsikta herifrå er...

Praktisk info

Enjoy-kode: 441813
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Parkeringsplass på Furuhogane.
Reise med kollektiv: Buss til Nordfjordeid: Nordfjordekspressen til Nordfjordeid frå Oslo 3 gonger om dagen. Fly: Til Sandane flyplass (15 km frå Nordfjordeid) frå Oslo og Bergen.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
6.2 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Sandegga (Klakken) er en av de høgste (1272 moh) fjelltoppene i området, men likevel svært lett tilgjengeleg med relativt slak oppstiging og ikkje nokon form for klatring. Utsikta herifrå er spektakulær både når det gjeld utsynet mot fjordane, havet, Sunnmørsalpane og bredane, men også over mot den næraste fjelltoppen Felden og rett ned i Laurdalen.

Furuhogane-Kjenndalsvatnet sør – Kjenndalshytta- Kjenndalsskaret – Steinegga – Sandegga / Klakken

Turen starter i overkant av skoggrensa på Furuhogane (toppen av hyttefeltet) og det er parkering langs vegen fram mot servicebygget for Kjenndalsheisen. Stien opp i Kjenndalen går langs Kjenndalselva opp til Kjenndalsvatnet (805 moh) (1,5 km) og i elva er det mange flotte badekulpar. Ved Kjenndalsvatnet fylgjer ein merkinga rett forbi steinhytta (Kjenndalshytta) kor ein tek til høgre opp lia i skiltkrysset (600 m). Når ein kjem til toppen av Kjenndalsskaret (700 m) so fylgjer ein rett fram gjennom skaret og flatt framover dalbotnen mot Ljøsurvatnet. Løypa er merka på vestsida av vatnet slakt opp mot Steinegga (1097 moh). På vegen fram mot Steinegga (2,2 km) ser ein Bjørkedalen nede mot høgre med den karakteristiske Lisjetoren (1164 moh) i forgrunnen. På baksida av Steinegga stupar det bratt ned mot Blåfjellvatnet og Trevassdalen, og vidare mot Steinsvika innerst i Dalsfjorden. Frå Steinegga går løypa 500 m ned mot foten av Sandegga før oppstigninga byrjar; brattast nedst og slakare etter kvart som ein nærmar seg toppen (1,2 km). På veg innover platået inn mot toppen er det luftig utsikt ned mot Laurdalen og frå toppen kan ein sjå rett bort på Felden som ikkje bør bestigast frå denne sida utan sikringsutstyr.

Turen passer for alle (heile familien) som er i rimeleg god form og med skikkelege fjellsko.