Sandbox GG

Ordinær billettpris på arrangementene i Sandbox GG er 200,- kroner, men god hjelp frå Sparebanken Vest og Sogndal Vidaregåande skule gjer at vi kan gjere det aller fyrste arrangementet heilt...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
26.nov
2022
kl 12:00

Detaljer

Ordinær billettpris på arrangementene i Sandbox GG er 200,- kroner, men god hjelp frå Sparebanken Vest og Sogndal Vidaregåande skule gjer at vi kan gjere det aller fyrste arrangementet heilt gratis.

Sandbox GG er ein serie av fleire mindre arrangement ved GG Sogndal. Alle arrangement vil vere heildags-arrangement med speling, sosiale aktivitetar, læring, fysisk aktivitet, turneringar og mykje moro gjennom heile dagen. Som deltakar får du tildelt ein egen spel-pc som du kan nytte gjennom heile arrangementet. Vi har og ein playstation 5 og ein Nintendo switch, men om du vil vere sikker på å få spele på konsoll gjennom heile dagen må du ta med dette sjølv. Du kan ikkje å ta med eigen skjerm, men må bruke pc-skjermane ved GG Sogndal.

I tillegg til speling vil du gjennom heile dagen ha fri tilgang til fasilitetar som VR-briller, bordtennis, squash, buldresenteret og meir. Vi legg og opp til fellesaktivitetar som me oppfordrar alle deltakarane til å vere med på, og du vil få vere med å bestemme kva fellesaktivitetar vi skal gjere. Som deltakar har du tilgang til garderobeanlegg gjennom heile dagen, og alle som deltek på dei fysiske aktivitetane må dusje etter aktiviteten.

I løpet av dagen blir det servert middag og kveldsmat, og dette er inkludert i billetten.

Det fyrste arrangementet blir gjennomført 26.11, og kvart av arrangementa blir tilpassa ulike aldersgrupper.Til det fyrste arrangementet inviterer vi dykk som er i alder for å gå på videregåande skule. Det er 18 plassar til arrangementet, og det er førstemann til mølla som gjeld.

Ordinær billettpris på arrangementene i Sandbox GG er 200,- kroner, men god hjelp frå Sparebanken Vest og Sogndal Vidaregåande skule gjer at vi kan gjere det aller fyrste arrangementet heilt gratis.

Praktisk info

Enjoy-kode: 109261
Type
Festivaler
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker