star
star
star
star
star

Sandane - Solplatået - Kjærleiksskogen - Utsikten

Trivselsskogen er eit sentrumsnært turområde rett ved kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune. Her kan du kombinere handel i sentrum og tur i skogen utan å flytte bilen. Området ligg tett ved...
Foto: Kurt Inge

Praktisk info

Enjoy-kode: 343230
Du kan velje å parkere i sentrum, eller på Trivselsskogen sin eigen parkeringsplass ovanfor E39
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Trivselsskogen er eit sentrumsnært turområde rett ved kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune. Her kan du kombinere handel i sentrum og tur i skogen utan å flytte bilen. Området ligg tett ved barnehagar, barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, omsorgssenter, offentlig kommunikasjon og eit steinkast frå E-39. Området består av 6 km sti med ulike turruter. Den kortaste er ei rundløypa på 200 meter langs bekken.

Det spesielle med turrutene i Trivselsskogen er dei mange opplevingar som ligg langs rutene. Her finn du Solplatået, kjærleiksskogen der du kan henge opp hjarter eller risse i barken, Draumekvila med dagsturhytta, bededam, hundepark, Trygg i naturen, og utkikkspunkta Utsiken og Fosseteateret på Holvikfossen. I Trivselsskogen er det to svært flotte sherpastiar med trapper som står som små kunstverk. Området skal lyssettast hausten 18 for å gjere området meir tilgjengelig heile året.

Trivselsskogen er også pilottprosjekt for nærturar i Den Norske Turistforening.

Inntegna rute er ei flott rute, og ein kan gå vidare til Holvikfossen og returnere den vegen.

Turtid er berekna ein veg.