star
star
star
star
star

S1 Luster - Gaupne

Frå bygd til bygd i flott turterreng. Stigning byrjing og slutt, men lett og nydeleg turterreng i høgda. Turen kan kortast ned med bil til Engjadalen frå Gaupnesida eller til Røssesete frå...

Praktisk info

Enjoy-kode: 112061
Luster: Parker ved sjukeheimen og følg merkinga. Alternativt kan ein køyre til Røssesete for å sleppe unna dei verste bakkane.

Gaupne: Parker ved rådhuset. Starten på stien er ved Engjadalselvi, hundre meter søraust for rådhuset.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
6 timer
Lengde
16.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå bygd til bygd i flott turterreng. Stigning byrjing og slutt, men lett og nydeleg turterreng i høgda. Turen kan kortast ned med bil til Engjadalen frå Gaupnesida eller til Røssesete frå Lustersida.

Frå Luster startar turen frå sjukeheimen. Følg bilveg til Lauvhjel og vidare sti og bilveg opp til Harastølen. Gå bomvegen til Røssesete. Herifrå følgjer ein slak sti inn Stordalen og over til Flatningane. Stien vidare ned til Engjadalen og Gaupne er ein del brattare, men fin å gå.

Frå Gaupne startar turen ved Engjadalselvi i sentrum. Følg merkinga oppetter elva til Engjadalen og vidare til Flatningane. Slakare terreng til Stordalen og Røssesete. Siste stykket ned til Luster går i hovudsak på grusveg og asfaltert veg i ganske mange høgdemeter.

Tidsbruken syner ein veg!