star
star
star
star
star

Rustøysetra

Stien til Rustøysetra snor seg oppgjennom fjellsida på nordsida av Rustøyelva. Parkering på utviding langs hovudvegen, like ved startpunktet. Første del av turen går på traktorveg, før ein tek av...

Praktisk info

Enjoy-kode: 969643
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Varighet
20 minutter
Lengde
1.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Stien til Rustøysetra snor seg oppgjennom fjellsida på nordsida av Rustøyelva. Parkering på utviding langs hovudvegen, like ved startpunktet. Første del av turen går på traktorveg, før ein tek av og følgjer sti vidare mot setra. Ruta er merka heilt til setrevollen. Oppstiginga til Rustøysetra går gjennom bratt terreng, og det er ein fordel å gå turen når det er tørt i terrenget. På setrevollen kan du nyte utsikta både mot Melkevollsbreen i sør og Sunde i nord.

I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng.