star
star
star
star
star

Rundtur via Vasskaret til Brekkefjellet og Nipa

Tyren startar på Helgheimstøylen og går i jamn stigning, på god og tydeleg sti, opp til Vasskaret. Her finn du ei flott steinhytte som du kan ta første rast ved. Turen vidare til Brekkefjellet går...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 250162
Ta av E39 mot gardane på Helgheim. Mot bomavgift køyrer du bratt skogsveg opp til Helgheimsstøylen. Skogsvegen har eit par bratte parti, og eit par punkt der det er fare for å kunne "ta ned på". Det anbefalast å ha firehjulstrekkar og bil som er såpass høg at den ikkje tek nedpå for lett.
Type
Turer
Passer for
Alle
Varighet
4 timer
Lengde
8.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Tyren startar på Helgheimstøylen og går i jamn stigning, på god og tydeleg sti, opp til Vasskaret. Her finn du ei flott steinhytte som du kan ta første rast ved. Turen vidare til Brekkefjellet går rett bak steinhytta. Her finn du tidvis spor etter ein sti og gamle merke etter ein fjelltrimpost. På toppen av Brekkefjellet får du panoramautsikt mot Skjorta og fjellheimen i Jølster og Gloppen.

Frå Brekkefjellet går du i søraustleg retning ned mot skaret der du kan gå opp på Nipa. Her går du i ope og flott terreng utan sti. Flott utsikt heile dette partiet. Frå skaret er det lett og fint terreng å gå vidare opp til Nipa. Du passerer det høgste punktet og går litt ned før du finn varden som er plassert på det beste utkikkspunktet. Her får du god skue over Jølstravatnet og utsikt mot Grovabreen og Orkja.

Frå Nipa går du attende til skaret mellom Nipa og Brekkefjellet, og følgjer dalføret i vestlig retning ned mot støylane igjen. Du kan velge å følgje dalføret heilt ned, eller gjere slik vi gjorde å gå attende og inn att på stien som vender opp mot Vasskaret. Det er ope og fint terreng å følgje frå toppen og Nipa og heile vegen ned att til Helgheimstøylen. Sidan det ikkje er sti er det berre å lese terrenget godt å finne beste veg ned att.

Dette er ein flott utsiktstur, der du føler at du er på høgfjellet, men som likevel ikkje tek alt for lang tid. Heile rundturen tek kring 3,5- 4 timar å gå for fjellvande folk, og går i fint turterreng som er relativt lett å orientere seg i. Dette gjer at det ikkje er eit stort sakn at det ikkje er sti på ein del av runda. Om du ønsker det kan du gå turen motsett veg. Om du ikkje vil gå utanfor sti er det ein fin tur i seg sjølv å gå til Brekkefjellet opp Vasskaret. Dette vil ta i overkant av 1 time opp frå støylen.