star
star
star
star
star

Rundtur via Vardefjellet og Instengegga i Helgheimsdalen i Jølster

Ca. 100 m vest for Helgheim kyrkje tek du av ein gardsveg som går vidare opp i Helgheimsdalen. Ved siste gardstunet er det bom. Vegen vidare er ein traktorveg som er bratt og noko ulendt, og ein...
Foto: Leif Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 571895
Du køyrer E39 fram mot Helgheim kyrkje og tek av første gardsvegen vest for kyrkja.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
5 timer
Lengde
10.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ca. 100 m vest for Helgheim kyrkje tek du av ein gardsveg som går vidare opp i Helgheimsdalen. Ved siste gardstunet er det bom. Vegen vidare er ein traktorveg som er bratt og noko ulendt, og ein bør ha 4-hjulsdreven bil. Vegen grå nesten heilt fram til Helgheimsstøylen. Ved enden av vegen er det parkeringsplass.Frå parkeringsplassen går du nordover forbi stølen mot Vassskaret. I vasskaret tek du av mot vest og går opp ei relativt bratt li som fører deg opp til Vardefjellet(1167 moh.).Her har du utsikt i alle retningar. Mot aust ser du Snønipa som er høgste fjellet i Sunnfjord (1827 moh.) og er omkransa av Mykklebustbreen. Jostedalsbreen og Grovabreen ser du i horisonten mot aust og sør. Du er no på grensa til Gloppen i Nordfjord med høge og ville fjellformasjonar med djupe dalføre inn imellom mot nord. Frå Vardegga går du vidare vestover mot Instengegga (1301 moh.). Dei to høgdene er markerte med store og sirlig oppbygde vardar. Her får du vakker utsikt mot Jølstravatnet i sør og dei bratte fjellsidene ned mot Årdal i Jølster. Heimover går turen langs Steinbotnegga(1064 moh.). Etter ei litt bratt nedstigning frå egga, går du ut dalføret mot parkeringsplassen.

Frå parkeringa og opp til Vardefjellet er det relativt godt merka med raude markeringar frå den tid her var fjelltrimpost.