star
star
star
star
star

Rundtur via Skåhammarsegga

Dette er ein flott rundtur i dramatisk natur i Ålhusdalen i Jølster. Oppstigninga via Skåhammarsegga er lite besøkt om sommaren. Så her er det nesten garantert at du berre møter på vassekte...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 760716
Ta av E39 og køyr inn heile Ålhusdalen, og vidare på skogsveg mot Gotdalen. Du må betale avgift for å bruke skogsvegen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Varighet
6 timer
Lengde
12.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein flott rundtur i dramatisk natur i Ålhusdalen i Jølster. Oppstigninga via Skåhammarsegga er lite besøkt om sommaren. Så her er det nesten garantert at du berre møter på vassekte fjellryper under oppstigninga!

Du startar turen på skogsveg opp til Gotdalsstøylen. Her kryssar du elva og går turen vidare utanfor sti. Første etappe er opp til Litlefjellet, i terreng som er noko bratt med ein del småskog og kratt. Her kan du velje å følgje vedlagt GPS- spor, eller freiste å finne ei enno betre rute opp vest for der vi gikk.

Frå Litlefjellet følgjer du ryggen i lett og fint tereng vestover mot Skåhammarsegga. Langs egga og opp sjølve Skåhammarsegga kan du følgje dyretråkk som ser ut som stiar. Egga ser brattare og meir utfordrande ut på avstand enn kva den er, og det er ikkje noko klyving. Du kan unngå luftige parti dersom du ikkje ønskjer å sjå "rett ned" dei bratte sidene langs egga.

Frå toppen rundar du ned i skaret og går ned att mot Ålhusdalen. Her har det tidlegare vore ein markert og god sti. Denne er det lite att av, men du kan inn i mellom finne eit raudt merke frå ein gamald fjelltrimpost. Nede i dalføret held du litt høgde på sørsida av elva ned mot støylen på Brekka. Også her har stien grodd mykje att, og du finn berer restar av den inn i mellom på veg ned.

I behagelig gåtempo, utan pausar, tek denne rundturen kring 5-6 timar for fjellvandte folk som "les terrenget" og ser kvar ruta bør leggast.