star
star
star
star
star

Rundtur til Kjerringa og Solheimskulten frå Avedal

Frå parkering går ein Avedalsvegen til endes og forbi inste garden, ca. 600 meter. Herifrå går turen på merka sti. Det er nokre myrområde før og etter Avedalsstølane, før ein byrjar oppstigninga...

Praktisk info

Enjoy-kode: 483850
Køyr frå Lavik mot Lavikdalen, fylkesveg 63, i ca. 7 km. Ta av i krysset til Strandos, køyr ca. 4 km på fv. 91 til vegkryss til Avedal. Køyr Avedalsvegen ca. 1 km. Parkering og oppslagstavle med kart på høgre side av vegen.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne, Ungdom
Varighet
4 timer
Lengde
12.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkering går ein Avedalsvegen til endes og forbi inste garden, ca. 600 meter. Herifrå går turen på merka sti. Det er nokre myrområde før og etter Avedalsstølane, før ein byrjar oppstigninga mot Kjerringa. Stien vidare går i lyng og mindre vegetasjon. Det er godt merka sti heile vegen.

Frå toppen av Kjerringa har ein utsikt i alle retningar. Flott utsikt innover Sognefjorden og sørover. Frå Kjerringa er det ca. 1/2 time til stidele til Solheimskulten. Ved dette stidele kan ein ta ein kort avstikkar til Avestølen som ligg omtrent midt mellom fjella Kjerringa og Solheimskulten som begge er fjelltrimpostar for fjelltrimgruppa i Lavik IL. På Solheimskulten er det òg flott utsikt i alle retningar. Frå Solheimskulten følgjer ein merka sti ned att til Avedal.

Turtid ca. 4 timar.